Denne ordninga skal gjelde likt for alle norske lakseprodusentar. Den straffetollen som er kravd inn skal betalast tilbake. Minsteprisordninga blir truleg innført rundt 1. juli.
- Livsviktig
Leiar i Vestnorsk Havbrukslag, Sveinung Sandvik, seier det var heilt nødvendig å få til ei semje no.
- Det var langt på veg livsviktig å få ei ordning med EU no. EU er den desidert største marknaden. Og det betyr at vi ikkje kan leve utan ei forståing med EU, seier Sandvik.
Høgt spel
I lang tid no har det foregått eit høgt spel mellom EU og den norske laksenæringa. Skotske og irske produsentar som har blitt utkonkurrert av norske oppdrettarar som produserar billigare, reagerte med å skulde Norge for dumping. Og EU-kommisjonen høyrde på skottane. I februar vart det difor innført vernetiltak mot all import av laks inn til EU. Dette var for å verne oppdrettarar i EU mot konkurransen.
- Uuthaldeleg situasjon
Etter heftige protestar vart minsteprisen oppheva, men kun for å bli erstatta av ein straffetoll som var endå meir skadeleg for Norge, sidan den gjekk kun mot Norge og ikkje alle produsentar utanfor EU. Alle norske oppdrettarar fekk då ein straffetoll frå 8% til 24,5 % alt etter korleis EU-kommisjonen vurderte samarbeidsviljen deira. Særleg for 90 oppdrettarar som fekk 24,5% straffetoll vart situasjonen uuthaldeleg.
Ro i marknaden
Difor er Sverre Søraa som leiar forhandlingane med EU, nøgd med ein minstepris som iallfall behandlar alle likt.
- Vi har fått alle med på ordninga. Vi trur dette kan skape ro i marknaden slik at industrikundane våre også får konsentrert seg om det dei skal gjere, nemleg det å selje fisk, seier Søraa.
Også Sveinung Sandvik legg mykje vekt på omsynet til dei 90 oppdrettarane med høgast toll.
- Situasjonen med at omlag 90 selskap i praksis var ute av den europeiske marknaden, var ein heilt uuthaldelig situasjon for oppdrettsnæringa i fylket, seier han.
Nye forhandlingar til hausten
Men sjølv om næringa ser på dette som eit steg i rett retning, er det eit faktum at ein minstepris vil kunne bli eit problem med tida. I praksis ligg lakseprisen per idag naturleg over dette nivået. Semja om minstepris vil gjelde til over nyttår. Då håpar næringa å få forhandla fram ei meir permanent avtale. Difor må næringa ut i nye forhandlingar til hausten, men Søraa vil ikkje sei om dei då vil satse på ein permanent minstepris.