Hopp til innhold

Du trudde kanskje han hadde det mest travelt om vinteren, men der tek du feil...

Mange tenkjer kanskje at bilbergarane har rolege dagar no som fjellovergangane er frie for snø, men slik er det ikkje. Dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel, har meir enn nok å hengje fingrane i.

Slik dirkar han opp bilen

UTAN SKADAR: Bilbergar Arild Tistel brukar få sekund på å opne ei låst bildør, og det attpåtil utan at bilen får ei einaste ripe.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Når ferien tek til så merkar vi ein klar auke i talet på oppdrag. Spesielt når det er fint vêr så flyttar folk mykje på seg, og då kjem det ein del typiske feriestart-oppdrag. Vinteren og sommar kan vere like travelt, seier Tistel.

Årets vinter vart av det rolegare slaget, men slikt veit ein sjeldan på førehand.

– Nei, vêret styrer ein ikkje. Men sommaren er meir på det jamne. Dette er heilt normalt, seier Tistel.

I løpet av året har firmaet hans om lag 4000 oppdrag av stort og smått som bilistar treng hjelp med.

Og lista er lang over det som Tistel og kollegaene rundt om må hjelpe til med, også sommarstid. I sommarvarmen og kavet for å komme seg av garde på ferie, er det fort at det går ei kule varmt for både den eine og den andre.

Fyller feil type drivstoff på bilen

Då er det fort at bilnøklane vert att inne i bilen, noko ein ofte ikkje skjønnar før den låste døra har smekka att. Eller at diesel på mirakuløst vis finn vegen ned i tanken på den bensindrivne bilen din, eller omvendt.

Og då får ferien ei ripe i lakken viss ikkje bilbergaren er i kjømda.

– Innelåste nøklar og feilfylling av drivstoff har vi mykje av, i tillegg til dei vanlege bilbergingsoppdraga etter biluhell, seier Tistel.

Når slike mindre festlege episodar skjer når familiar står på farten til å dra på ferie, blir stemninga ofte litt småguffen.

– Stemninga kan vere ganske spent. Dei færraste veit korleis dei kan løyse problemet, og mange er veldig spente på om vi klarar å opne bilen og få ut nøklane. Ofte har dei all bagasje og alt dei skal ha med seg inne i bilen, seier Tistel.

Står det om livet, ryk ruta

Han har også vore med på oppdrag der både ungar og hundar har vore innelåste i bilen, medan fortvila foreldre står på utsida.

– Det har jo hendt at små born har funne bilnøklane og trudd det var leiketøy. Skjer slikt, definerer vi det som hasteoppdrag og tek det med ein gong. Når ein skal få ut born eller dyr, så må det gå fort, spesielt på varme dagar, seier Tistel.

Bilbergar Arild Tistel

SJELDAN HAMMAR: - Eg har aldri vore borti at vi har måtte ta ruta med hammar, seier Arild Tistel.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Å opne ein attlåst bil, der nøklane har hamna på innsida, er ei smal sak for bilbergarane.

– Vi har eit spesialverktøy som vi kan dirke dei fleste bilar med. Det er sjeldan vi må gi opp. Men er det born eller dyr i bilen, er siste moglegheit å bruke hammaren. Men det er det ikkje ofte vi treng å gjere, seier Tistel.

På ein eldre bil brukar han få sekund på å dirke opp døra slik at bileigar lukkeleg kan få gjort det han skal, om det er ferietur eller anna.

Men nymotens bilar vert sikrare og sikrare, og det merkar også dei som skal dirke seg inn, på lovleg vis.

– Vi må ha stadig meir avansert utstyr for å komme inn i dei nyaste bilane, ja, seier Tistel.

Ta det med ro

I tillegg til dei tilfella der bileigaren meir eller mindre må ta skulda for uhellet sjølv, bryt også bilar saman sommarstid. Og då kan det vere litt meir styr for å få dei på verkstad enn elles.

– Det er jo ferieavvikling i den bransjen også, så då lyt vi gjere det vi kan for å finne ein verkstad slik at bileigaren kjem seg vidare innan rimeleg tid. Men det må kan kanskje bety at vi må køyre ganske mange mil lenger enn kva vi normalt sett hadde gjort, seier Tistel, som i dag køyrde ein bil heilt til Stryn for å få han på verkstad.

Med slike feriehendingar, blir det også litt ekstra jobbing på dei som jobbar i bilbergingsbransjen.

– Vi har jo ferieavvikling vi også, så då må dei som er på jobb, trø til litt ekstra. Men det får vi til, seier Tistel.

Han har eit klart råd til både dei som er på ferie og dei som står på farten til å reise på ferietur.

– Ta det med ro og bruk litt ekstra tid, så går det kanskje litt betre, seier Tistel.

Han innrømmer at også han har hatt sine episodar, sjølv om han kanskje burde kjenne faresignala.

– Eg har fylt feil drivstoff på bilen min, ja, ler Tistel.