Oppdaga kameraten flytande i overflata

Politiet kan førebels ikkje slå fast kvifor ein dansk dykkar omkom i Solund måndag. Dykkarutstyret vil no bli undersøkt og den omkomne er sendt til obduksjon.

Gildresundet i Ytre Solund

DYKKA HER: Det danske dykkarfølgjet dykka her då ulukka skjedde. Under overflata ligg skipsvraket Frankenwald frå krigen, som er eit populært mål for dykkarar.

Foto: Magne Hamre / NRK

Det var ein mann i 60-åra frå Danmark som omkom i dykkarulukka måndag ettermiddag.

– Politiet fekk melding om at ein person hadde kome medvitslaus til overflata ved eit høvesvis kjend dykkarmål som ligg i Solund, eit skipsvrak frå krigen, fortel politibetjent ved Gulen lensmannskontor, Roar Brudevoll.

Skipsvraket Frankenwald er velkjend for dykkarar rundt om i verda.

Ventar på obduksjon og utstyrsundersøking

– Det var litt uklart kor folka var, så det tok litt tid før ambulansepersonell og politiet fekk lokalisert dei og kome til staden. Kort tid etter var det konstatert at ein person var omkomen, seier Brudevoll.

Den omkomne er sendt til Haukeland universitetssjukehus og vil bli obdusert der.

– Dykkarutstyret er teke vare på og det vil bli undersøkt for å sjå om det kan kaste lys over kva som har skjedd. Vidare har politiet teke avhøyr av dei personane som var til stades og gjort ein del undersøkingar, fortel politibetjenten.

Førebels er det usikkert kva som var årsaka til dødsulukka.

– Det er forskjellige moglegheiter der, så vi er nøydd til å vente på obduksjon og undersøking av utstyret før vi kan seie noko meir om det.

Erfarne dykkarar

Det var ein i dykkarfølgjet på seks personar som melde frå om ulukka. Følgjet har reist rundt for å dykke fleire stader i Norge, og ifølgje politibetjent Roar Brudevoll står dei fram som svært erfarne dykkarar.

Dykkarane har forklart at det var eit normalt dykk og politiet har såleis ingen klare indikasjonar på kva som har skjedd.

– Den sikre observasjonen er at dei oppdaga dykkaren medvitslaus i overflata. Det var då dei forstod at noko var gale, seier Brudevoll.

Så vidt han er kjend med er danskane reist frå Solund og tilbake til Danmark.

Politibåt dykkarulukke Solund

GJER UNDERSØKINGAR: Politiet har avhøyrt vitna til dødsulukka i Ytre Solund, og skal no gjennomføre fleire undersøkingar for å finne ut kva som skjedde då ein mann omkom under dykking.

Foto: Magne Hamre / NRK