Hopp til innhold

Dansk mann i 60-åra omkom i dykkarulukke

Dykkaren var i følgje med fem andre dykkarar då ulukka skjedde. Kommunen har no oppretta kriseteam.

Politibåt dykkarulukke Solund

HENTA OPP AV SJØEN: Dykkaren vart erklært død på staden, ifølgje politiet. Her er politibåten tilbake i Hardbakke etter å ha vore på ulukkesstaden.

Foto: Magne Hamre / NRK

– Den omkomne er ein mann i 60 åra frå Danmark, opplyser operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Magnussen.

Politiet fekk melding om dykkarulukka klokka 14.30.

– Det var ein person som vart henta opp av sjøen medvitslaus ved Gildreneset i Ytre Solund. Det vart sendt luftambulanse og naudetatane rykte ut.

Alle dykka på same plass

Men livet til dykkaren stod ikkje til å redde.

– Personen vart erklært død på staden. Dei fem andre dykkarane er behandla av helse, men hadde ikkje behov for vidare oppfølging. Dei blir behandla av kriseteam som er oppretta i kommunen, seier Magnussen.

Førebels veit ikkje politiet kva som er grunnen til ulukka.

– Politiet er på staden og gjer undersøkingar av utstyr og tar vitneforklaringar slik at vi kan finne ut kva som har skjedd.

Kriseteam i kommunen er oppretta

Pårørande skal vere varsla, opplyser politiet. Så vidt politiet kjenner til kom dei andre dykkarane frå same geografiske område.

– Alle skal vere sagt å vere frå same land utan at vi har fått det heilt stadfesta, seier Magnussen.

Solund kommune har oppretta kriseteam. Ordførar Ole Gunnar Krakhellen var måndag kveld i møte med dei.

– Kriseteamet har hatt oppfølging med dei andre i følgjet, og har slik eg har forstått det teke vare på dei på ein så god måte som ein kan i ein slik situasjon, seier han.

Steinsund Marinesenter

BUDDE HER: Dykkarane heldt til her ved Steinsund Marinesenter.

Foto: Magne Hamre / NRK

Ulukka pregar lokalsamfunnet, seier Krakhellen.

– Det er klart at ei slik ulukke som dette, sjølv om det er tilreisande, pregar eit lokalsamfunn. Vi har djup medkjensle med dei pårørande og dei som har vore med og opplevd dette. Det er alltid tragisk når slike ulukker skjer.

– Veldig trist

Steinsund Marinesenter i Solund leiger ut hytter til turistar, både fiskarar og dykkarar.

– Det var ei dansk gruppe som var på besøk. Dei kom på laurdag og skulle vere til torsdag, seier Doris Steinsund som driv marinesenteret saman med mannen Hallstein Steinsund.

Ulukka har gått sterkt inn på henne.

– Dette var veldig trist. Dei var ei veldig grei gruppe som aldri hadde vore i Solund tidlegare. Noko slikt har aldri skjedd hos oss før. Det er veldig, veldig trist at dette skulle skje, seier Doris Steinsund.

steinsund