Hopp til innhold

Opnar surfebutikk på Stad

STAD (NRK): På ein uvanleg plass, i eit uvanleg butikklokale, opna det fredag ein butikk som sel noko som er ganske uvanleg i Sogn og Fjordane.

Julia Holt og Calle Magnusson.

OPNAR BUTIKK I FJØSEN: Det svenske kjærasteparet reiste frå Stockholm, kjøpte ein nedlagt gard på Stad og startar eigen surfebutikk i kjellaren i fjøsen.

Foto: Silje Guddal / NRK

I kjellaren på ein nedlagt fjøs, mellom Leikanger og Ervika på Stad, har paret Julia Holt og Calle Magnusson starta sin eigen surfebutikk.

Der golvet for kort tid sidan var dekt av jord og gamle reiskap, står det no blanke og lange surfebrett i stram linje langs den eine veggen.

Voks som luktar ananas ligg på ein gammal benk, og på sida av fjøstrappa heng det øyredobbar laga av skjel frå Hawaii. Det var Fjordenes Tidende som først omtalte butikkopninga.

– Vi har prøvd å bevare så mykje som mogleg av det gamle, vi vil at folk skal sjå spora etter den gamle fjøsen, vi har teke vare på mange gamle møblar og anna som stod på garden då vi kjøpte den, seier Julia Holt.

Forlèt storbylivet

Svenskane forlèt storbylivet i Stockholm hausten 2013, kjøpte det nedlagde gardsbruket på Stad, pussa det opp og opnar no butikk i fjøsen.

Gardsbruk i Morkadalen

SJELDAN VARE: Det svenske paret sakna ein butikk som selde surfebrett og utstyr, og starta like godt butikk sjølve, i fjøsen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi flytta hit for å bu, leve og surfe her, men så såg vi behovet for surfeutstyr. For dei mange tilreisande som kjem hit for å surfe, er det ikkje mogleg å få tak i nytt utstyr. Om ein øydelegg finnen på surfebrettet, må ein heilt til Oslo eller Stavanger for å få tak i nytt, der det finst surfebutikkar, forklarar Magnusson.

Holt jobbar på ambulansestasjonen i nabokommunen medan Magnusson er journalist og surfeinstruktør. Etter kvart ønskjer dei å opne nettbutikk i samband med butikken på Stad.

Spesialdesigna surfebrett

Lengst til venstre blant surfebretta står to brett som er litt tjukkare og litt breiare. Dei er designa av butikkeigarane.

– Desse surfebretta er laga spesielt til forholda i Skandinavia, kor vi kanskje slit litt meir med vanskelege forhold og det kan vere litt for mykje vind, seier Holt.

Surfebrett

STRAM LINJE: Butikkeigarane har designa eigne surfebrett tilpassa skandinaviske forhold.

Foto: Silje Guddal / NRK

No er håpet at butikken, som også husar eit langbord og mange sitteplassar, kan bli ein samlingsplass, både for surfarar og andre. På utsida av fjøsen står ein vedfyrt, raudmåla badestamp der ein kan finne varmen etter timar med surfing i Stadhavet. Ikkje akkurat det ein finn i Stockholm.

– Eg trivst så utruleg mykje betre i ei slikt miljø. Utanfor døra kan vi gå på fjellturar, vi kan surfe når vi vil, det er så mange hyggelege folk her, og det kjem surfarar frå heile Skandinavia hit, seier Magnusson.