Hopp til innhold

Eliten møtast til surfekamp på Stad

Surt novembervêr lokkar fram nokre av dei beste surfebølgjene som er oppdrive i verda, i vesle Ervik. Og i to dagar er fleire av dei beste surfarane samla til dyst i havgapet.

Runa Andersen og svenske Hjalmar på 19 år er to av deltakarane på surfekonkurransen i Ervik.

KONKURRANSE: Runa Andersen er ei av fire kvinner som kjempar i det iskalde Stadhavet om å vinne Xwaves. 19 år gamle Hjalmar frå Sverige håpar også å stikke av med sigeren i konkurransen som samlar nokre av dei beste surfarane.

Foto: Harald Kolseth

– Det er første gong vi er her, tidlegare har vi vore på Flø og i Hoddevika, men vinden og forholda tilsa at Ervik ville vere bra, seier Elisabeth Pedersen, som er frivilligansvarleg for surfekonkurransen Xwave.

I to dagar skal nokre av verdas beste surfarar, frå inn- og utland, kjempe i bølgjene og prøve å gjennomføre sine mest spektakulære triks i det iskalde vatnet. Dei store bølgjene bryt inn mot den fine sandstranda i den vesle bygda, som etter kvart har vorte ein ynda stad for surfarar.

– Vi vil ikkje ha så mange konkurransar her i grunn, for vi vil at Stad skal vere ein spesiell plass, der ein kan halde fram å surfe åleine, fortel Camilla Monsen, som er leiar for konkurransen.

Brukar kokheit badestamp til oppvarming

Konkurransen går over to dagar, der dei første dagen kjempar i grupper på tre. Dei to beste går vidare til ny finalerunde tysdag, då meistrane skal kårast. Dommarane ser etter dei store manøvrane i bølgjene og dei tøffaste forsøka på å ri dei massive bølgjene som Stadhavet vartar opp med. I kalde novemberdagar med mykje vind kan det vere ei utfordring.

Calle Magnusson og konkuranseleiar Camilla Monsen seier stemninga i Ervik er på topp.

VINDFULLT: Folk veit at Stad byr på vind, seier Camilla Monsen og Calle Magnusson. Ho er leiar for konkurransen, han skal informere folk undervegs og dømme innsatsen til deltakarane.

Foto: Harald Kolseth

– Det er ein del vind og dårleg vêr, men god stemning blant deltakarane og publikum, så alle har det bra. Dei fleste er vande med Stad, og at ein aldri heilt veit korleis det blir, seier Monsen.

Både deltakarane og dei frammøtte publikummarane har pakka seg inn i mange lag med klede for å stå i mot den bitande vinden som herjar i Ervik. 19 år gamle Hjalmar frå Sverige sørgjer også for varm oppvarming før konkurransen.

– No skal eg hoppe opp i stampen og sitte der og koke litt før longboardkonkurransen, fortel han til NRK.

Ville gjerne hatt fleire lokale deltakarar

Også deltakarar frå New Zealand og Australia har teke turen for å delta i konkurransen. Men det er få deltakarar frå Stad på startlista, sjølv om arrangørane meiner det er ein klar fordel å ha lokalkunnskap. Då har ein oversikt over steinar og strømningar i vatnet.

– Det er litt rart, men det er veldig få lokale surfarar på Stad. Her er ein, men han er berre 18 år, og måtte på skulen, så kan ikkje vere med. Trenden tilseier at det kjem fleire med dei neste åra. Det er ein del ungdomsskuleelevar som surfar, så om fem år så er det nok fleire, trur Calle Magnusson, som er speaker og dommar i konkurransen.

Ute i havgapet fortset dyvåte hovud å dukke opp mellom dei kvite skumkledde bølgjene, og kjempar om å sikre seg førsteplassen til slutt. Vinnaren vert kåra tysdag.