Hopp til innhold

Opnar incestsenter i Førde

No er ikkje Sogn og Fjordane det einaste fylket utan incestsenter lenger.

Trude Lundekvam, Siri Olsen og Chatrine Elholm

OPNAR INCESTSENTER: Frå venstre: rådgjevarar Trude Lundekvam, Siri Olsen og dagleg leiar Chatrine Elholm.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag opnar Senter mot incest og seksuelle overgrep i Førde.

– Det er eit senter for alle som har opplevd incest eller seksuelle overgrep. Det er på tide at me får eit slikt senter i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar Chatrine Elholm.

I eit vanleg bustadhus i Førde kan kvinner, menn, par og pårørande koma for å få hjelp eller støtte.

Chatrine Elholm

– PÅ TIDE: Chatrine Elholm, dagleg leiar, seier det er på tide med eit incestsenter i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Me veit at det kan vera vanskeleg å ta det fyrste steget å ta kontakt, men me håpar at dei som har problem og sit med dei åleine, so kan me vera med å fylgja dei på vegen vidare.

«Incest skal talast i hel, ikkje teiast i hel»

– Me må ut å seia ifrå til alle om denne problematikken. Det er hjerteskjerande og det gjer noko med ein når ein høyrer om born som vert utsett for seksuelle overgrep, men me har ikkje lov til å lukka auga. Me må ta ansvar, og me her på senteret ønskjer å møte desse problema, seier Elholm.

Dei vil tilby einesamtalar, temakveldar og sjølvhjelpsgrupper.

– Menn og kvinner som har opplevd seksuelle overgrep, par og partnarar kan koma. Me vil også vera eit supplement til offentlege hjelpeapparatet.

Senter mot incest og seksuelle overgrep

HEIMEKOSELEG: Det skal vera låg terskel for å koma å ta ein prat.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Me vil ha ope hus og eit fellesskap der folk kan møta kvarandre og dele sine erfaringar.

Senteret er i eit vanleg bustadhus, noko Elholm trur er viktig med trivelege omgjevnader til eit so alvorleg tema.

– Det er viktig at det er hyggjeleg og heimekoseleg her. Det er fin utsikt, men likevel skjerma, seier ho.

Dagtilbod

– Eg trur ikkje det blir kø utanfor dørene, men eg håar at dei som sit heime og tenkjer at dette kan vera ein plass for dei, at dei torer å ta kontakt. Det er i aller høgste grad eit behov for dette i Sogn og Fjordane, seier Elholm.

Ho skal, saman med Trude Lundekvam og Siri Olsen driva SISMO, som forkortinga er.

– I førsteomgang blir tilbodet mot borna eit førebyggjande arbeid i skular, og etter kvart i barnehagar, seier Olsen.

Senteret er finansiert av 20 prosent tilskot frå kommunane og resten frå staten. Dei er heilt avhengige av støtta frå kommunane, for utan den, blir det heller ikkje noko av støtta frå staten.

– Me har fått støtte av 21 av 26 kommunar so langt. Det er me veldig nøgde med i eit oppstartsår.

SMISO

NABOLAG: Det nye senteret ligg sentralt i eit nabolag i sentrum av Førde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mange får ikkje hjelp

– Korleis får ein motivasjon til å ta tak i og jobbe med eit so alvorleg og grufullt tema som incest?

– Korleis kan ein la vera, når det er eit so alvorleg problem? Veldig mange sit der ute og får ikkje hjelp til problema sine, seier Lundekvam.