Hopp til innhold

No kjem incestsenteret i fylket

Sogn og Fjordane blir ikkje lenger einaste fylke utan incestsenter.

Sidan incestsenteret vart lagt ned i 2008 har Sogn og Fjordane vore einaste fylke i landet utan .

Snarleg blir det lyst ut to stillingar som etter planen skal drive tilbodet frå 1. juni i år.

– Vi har fått kring 190 000 kroner frå kommunane i tilskot og meiner vi har nok til å søkje statstilskot. Vi ynskjer primært å ha minst to tilsette i eit slikt senter, og då må ein ha oppunder ein million kroner, fortel Svanhild Lillebostad, som vil leie forstyret til eit lokalt styre er på plass.

Søkjer hjelp i Bergen

I alt 12 kommunar har løyvd pengar til Incestsenteret, som vil vere eit lågterskeltilbod for born og unge utsett for overgrep. Lillebostad håpar framleis at ytterlegare kommunar ser behovet for eit slikt senter og støttar opp.

Det er Senter mot incest og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal og Hordaland som har arbeidd intenst med å stable på beina tilbodet.

– Ut frå forsking og talmateriale veit vi at kvar femte jente og kring kvar tiande gut under 18 år blir utsett for seksuelle overgrep. Vi ser også at senteret i Bergen har brukarar frå Sogn og Fjordane. Det er difor viktig å få tilbodet på plass, seier Lillebostad.

Tilleggstilbod

Senteret skal ha kontrolstad i Førde, men blir eit tilbod for heile Sogn og Fjordane.

Tilbodet kjem som tillegg til det offentlege tilbodet til overgrepsutsette.

– Fokus blir sjølvhjelp og vegen vidare. Vi kjem til å reise rundt i heile fylket, og vere eit tilbod for alle kommunar. Det kan nyttast av alle, utan tilvising og timeavtale. Ein kan komme eller ringe når senteret er ope, seier Lillebostad.

Sist i Norge

Senteret er det siste som blir etablert i Norge.

– Så det er på tide. Det handlar vel om at det må eldsjeler til. Senter i Møre og Romsdal og Hordaland har lagt ned mykje innsats og økonomi for å få det til, seier Lillebostad.

Kommunane skal stå for 20 prosent av driftsmidlane, medan staten står for 80 prosent.

– Slik det ser ut no kan vi drifte senteret med halvanna årsverk. Men økonomisk støtte frå kommunane er berebjelken for å halde liv i eit slikt senter, legg ho til.