Hopp til innhold

Eivind frå Gloppen song seg til ein plass på operaakademiet

Operasongaren Eivind Kandal frå Gloppen er ein av seks som har fått plass på operaakademiet i København.

Eivind Kandal operahuset København

DRAUMEN OM OPERA: Eivind Kandal er ein av seks som har fått plass på operaakademiet i København. Til venstre er operahuset i København som han også får høve til.

Foto: Steen Larsen/Torstein Kollevåg

– Eg er overraska og veldig glad for at eg fekk plass, fortel Eivind Kandal.

I tre år skal han studere på operaakademiet i København for å bli ein best mogeleg operasongar. For å kome inn må ein vere utdanna operasongar frå før av, og Kandal har allereie heldt på med dette i mange år.

Men eigentleg er han utdanna kokk. Det var ikkje før han gjekk på folkehøgskule at han oppdaga operasongen.

– Der hadde vi ein musikklærar som var utdanna klassisk songar. Det var han som introduserte klassisk musikk for meg, og anbefalte meg å halde fram med å ta songtimar.

Song for heile bygda

Då han kom til Oslo for å ta fagbrevet som kokk, starta han å ta privattimar med ein songpedagog i Oslo.

– Vi jobba i to år, medan eg gjorde ferdig kokkeutdanninga, og så søkte eg meg inn på musikkvitenskap på Universitetet.

Etter eitt år det kom han inn på musikkhøgskulen. Då var han i gong med musikkutdanninga.

Han har difor ikkje tenkt opera sidan han var på bleiestadiet, men har fått høyre historier frå han var liten om at han gjekk rundt på tunet i Kandal og song så heile bygda høyrde det.

– Så dei hadde vel ei aning om at det kunne bli operasongar av meg, fortel Kandal.

Krevjande yrke

Etter musikkhøgskulen, gjekk han på operahøgskulen i Oslo. Han byrjar etter kvart å få mykje utdanning, men det er krevjande å bli operasongar.

I tillegg til songar, må ein vere skodespelar, regissør og dirigent. Og så krev stemma mykje trening. Å vere operasongar er nemleg ikkje ulikt det å vere idrettsutøvar.

– Om eg ikkje tenkjer på det døgnet rundt, så brukar eg mange timar om dagen. Både på å jobbe med stemma som treng vedlikehald, og så er det det mentale arbeidet på den andre sida. Til meir kunnskap ein har rundt det ein skal drive med til betre får ein gjort jobben sin, seier han.

– Viss eg blir så god at eg kan leve av å jobbe med opera må eg framleis ta songtimar og halde stemma ved like. Ein må rett og slett halde instrumentet i gong. Akkurat som ein bil som du brukar mykje må inn på service ein gong inni mellom for å sjekkast, ler han.

Operamisjonær

No ventar tre år med hardt arbeid før han skal ut i verda og livnære seg som operasongar.

Når Kandal er ferdig på operaakademiet, håpar han fyrst og fremst på jobb. Det er ein hard arbeidsmarknad for operasongarar, og det meste ein kan håpe på her i Noreg er toårskontrakt på Operahuset i Oslo. Men han treng ikkje absolutt stå på scenen i eitt av dei store operahusa.

– Eg har rett og slett eit ønskje om å spreie opera og vere litt misjonær for operaen. Det er faktisk ein av mine draumar. Operakunsten er fantastisk og treng ikkje å vere uforståeleg og kjedeleg. Det kan gjere morosamt, livleg og ungt og friskt.

– Kunne du tenkje deg å kome tilbake til Norge og arbeide her?

– Ja, det kunne eg absolutt. Eg er jo glad i Norge. Eg trivst godt i København, men eg saknar fjella. Ikkje nødvendigvis fordi eg går så utruleg mykje i fjella, men eg er jo født i Kandalen i Gloppen kommune og der har vi høge fjell på alle kantar og det saknar eg, fortel operastudenten.

Plass til Kandal i Nordfjord

Kari Standal Pavelich

GRATULERER: Kari Pavelich, sjef for Opera Nordfjord.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kari Pavelich, sjef for Opera Nordfjord, trur Kandal får ei god utdanning på det prestisjetunge operaakademiet i København, men understrekar at det er korleis ein syng når du er ferdig med utdanninga som betyr noko, ikkje kva ein har på papiret.

– Eg vil gratulerer Eivind med at han har kome inn og ønskje han lykke til. Det skal bli spennande å følgje med han, seier Pavelich.

– Er det plass til han hos dykk?

– Absolutt plass til han hos oss. Vi må berre høyre han prøvesyngje for oss eller sjå han i ein produksjon eller på konsert, så tek vi vår avgjerd på bakgrunn av det. Det hadde vore veldig hyggeleg å samarbeide med han ein gong i framtida, seier Pavelich.

Kandal og nokre vener av han hadde turnéen Trylledrikken i SF i fjor sommar. Skal på ein ny turné til sommaren til Sandane, operagarden i Bygstad, og Lifjorden i Sogn.