Mellor skriv mellom anna for tidsskrifta Gramophone, Opera og New Statesman. Tysdag kveld var han på plass under premieren på Flaggermusen då Opera Nordfjord feira 15-årsjubileet.
– Det er eit superb skodespel og det er ingen andre ensemble i verda som Opera Nordfjord som har både profesjonelle og amatørar med, seier han til NRK.no.
På Twitter skryt han av framsyninga og skriv at operaen er skikkeleg sunge og at det er flotte skodespelarprestasjonar.
– Men det verkeleg mirakelet er dei har fått til kvalitetsopera på denne måten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:;
– Ein uimotståeleg invitasjon
Kulturkritikaren oppdaga Opera Nordfjord då dei var på besøk i Oslo tidlegare i år.
– Eg blei invitert til å sjå dei på heimebane og det var ein uimotståeleg invitasjon. Eg tykkjer Nordfjordeid er ein nydeleg plass.
Han er ikkje sikker på om Opera Nordfjord kan trekkje eit større internasjonalt publikum, men seier at det internasjonale operasamfunnet bør merke seg korleis operaen i Eid jobbar.
– Dette er ein modell dei store scenene i verda har mykje å lære av, seier han.
(Artikkelen held fram under intervjuet)
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Også skryt frå operasjefen
Men det er ikkje berre ein høgtståande operaskribent frå utlandet som er imponert over det dei får til på Eid.
Operasjef i Oslo, Per Boye Hansen, er også imponert og seier at det som skjer på Eid også er viktig for det som skjer i Oslo.
– Vi er avhengige av at det er stor operainteresse over heile landet. Eg tykkjer det er veldig inspirerande å sjå korleis det blir arbeidd her på Nordfjordeid. Det å ha kontakt med operamiljø i heile landet, er viktig for meg som operasjef.
– Korleis er det inspirerande?
– Eg vil framheve alle dei frivillige som er med på å løfte det heile. Det er over 200 frivillige med og det spennande å sjå korleis Opera Nordfjord klarer å engasjerer heile samfunnet. Heile bygda står bak framsyninga, seier han.