Knutepunkt
Politimeisteren sitt ønskje om nye, større og betre lokale i Florø har fått debatten om lokaliseringa av hovudkontoret til å blusse opp på nytt. Gerd Dvergsdal vil ikkje seie at ein bør flytte det vekk frå Florø. Men ho meiner at viss det blir flytta, så er Skei ein perfekt stad.
- Skei er eit naturleg knutepunkt i fylket. Bygget har store kontorfasilitetar og høg teknisk standard. Det er eit stort bygg med høve for påbygging, seier Dvegsdal.
HV10-bygget vil stå ledig sommaren 2005. Då flyttar HV10 ut.
Florø vart for lite
At lokala ikkje var gode nok i Florø kom overraskande på jølsterordføraren. Ho var med å kjempe for Florø den gong lokaliseringsdebatten var på det heitaste.
- Det forundrar meg, for det er ikkje så lenge sidan det vart bestemt at lokala skulle vere i Florø. I den debatten vart det ikkje framheva at det skulle vere stor utviding av lokala, seier jølsterordførar Gerd Dvergsdal.