Hopp til innhold

Ønskjer lengre TV-sending

Distriktsprogramrådet meiner NRK har gått for fort fram med endringane av dei regionale tv-sendingane. Endringane har ført til kraftige reaksjonar frå sjåarane. Leiar i distriktsprogramrådet, Monica Oppedal, seier dei ønskjer seg ein lengre nyheitssending før Dagsrevyen klokka 21. Regionredaktør Kai Aage Pedersen meiner NRK ikkje har gått for fort fram, men seier dei tek alle innspela dei får frå sjåarar og politikarar på alvor.

Distriktsprogramrådet for Sogn og Fjordane 2015 - 2019.
Foto: Oddleif Løset