Hopp til innhold

Onsdag var det Oda sin tur

Førde-spelar Oda Vindheim scora tre mål mot Gneist før ho måtte av bana med skade. Kantspelaren fekk ein vridning i kneet i ein duell. – Det er sjølvsagt ekstra ergerleg når ho er i så god form, og også var utteken som reserve i troppen til det norske juniorlandslaget. Men vi håpar i det lengste at det ikkje er så alvorleg som vi fryktar, seier Odd Erik Gullaksen til handballklubben sine nettsider. Gullaksen konstaterer at skademarerittet i klubben held fram, etter at Emilie Myklebust Sande, Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum og Martine Gjøranson allereie har fått store delar av sesongen spolert av skade. Kor alvorleg skaden til Vindheim er, får dei først vite etter MR-undersøkinga torsdag. 1. divisjonskampen tapte Førde 26-23 etter å ha leia 13-11 til pause. Martine Vindheim scora flest mål for Førde med fire mål. Med fem kampar att av sesongen er sunnfjordingane framleis over nedrykksstreken.

Oda Vindheim
Foto: Førde handball