Hopp til innhold

Vikingsenter til 30 millionar vekkjer harme i Gudvangen

Eit internasjonalt vikingsenter i Gudvangen kan komme til å koste 30 millionar kroner. Men ikkje alle er like begeistra for planane.

Illustrasjon av deler av vikinglandsbyen

Det nye vikingsenteret planlegg fleire seksjonar med hus av ulike typar. Dette er ein tidleg illustrasjon av delar av vikinglandsbyen i Gudvangen.

Foto: illustrasjon / ARKIKON

–Vi skal, på ein og same stad, gi att eit utdrag av dei ulike handelsbytypane som var i Europa under vikingtida. Desse består i stor grad av bebudde småhus. Vi vil vise livet slik det var. Ein stor kongsgard blir det og plass til, seier Georg Olafr Reydarson Hansen i Nærøy Kulturhistoriske Anlegg.

Ifølgje VG kan prosjektet få ein prislapp på 30 millionar kroner.

I tillegg til middlar frå investorane vert det søkt om støtte frå kommune, fylke, stat og EU.

Hansen viser til stor vikinginteresse over heile verda. Han fortel at han har 3600 venar på Facebook og 700 av dei er frå Sør Amerika. Desse er vener med han fordi dei er svært fascinerte av vikinglivet.

Vikinglivet er eksklusivt og spanande for mange. Vårt fokus er i stor grad levande historieformidling til skular og turistar.

Senter splittar bygda

Georg Olafr Reydarson Hansen

Vikinghovdingen og prosjektleiaren Georg Olafr Reydarson Hansen

Foto: Privat

Men: Ikkje alle synest at vikinglivet er eksklusivt og spanande. Ei interessegruppe for Gudvangen meiner det ikkje er plass til den planlagde vikinglandsbyen i bygda. Dei hevdar at vikingsenteret tar for mykje plass og at dei frontar feil verdiar.

– Dei tar seg berre til rette og legg beslag på dei finaste områda i bygda utan å spørje oss som bur her. Det er heilt urimeleg, seier Liv Toril Glein etter eit møte i interessegruppa for Gudvangen som samla totalt åtte deltakarar.

Interessegruppa har eigne interesser for det aktuelle området. Dei vil ha på plass ein turistinformasjon og dei er bekymra for laksen i elva som er på området der det tidlegare har vore vikingleirar i regi av Nærøy Kulturhistoriske Anlegg AS.

– Det er ikkje vi som tar oss til rette. Vi søkjer om eit område og vi tar det vi får og kan bruke. Det er framleis plass til både butikkar, turistsenter, besøkssenter, fjordinformasjon, verdsarv og alt det der. Dette kan kombinerast i ein totalpakke som vil gjere alle nøgde. Det er plass til alle, seier Georg Olafr Reydarson Hansen.


Den norrøne ideologien skaper usemje

Pilø, Hansen og Alsaker

Arkeolog Lars Holger Pilø, vikinghovding Georg Olafr Reydarson Hansen og hans sekretær Henriette Alsaker. Foto: Privat

Liv Toril Glein er ikkje nøgd. Ho seier at bygda tradisjonelt sett har vore kristent forankra og at ho er bekymra for dei norrøne verdiane. Hansen meiner på si side at frykt og fordomar har skulda for skepsisen.

– Vi er berre folk som er fascinerte av den gamle historia og den gamle mytologien, seier Georg Olafr Reydarson Hansen.

Nærøy Kulturhistoriske Anlegg AS er klare for å byrje oppbygginga av vikingsenteret. Dei vil gjerne begynne til hausten dersom reguleringsplanen blir ferdigbehandla i kommunen i løpet av våren.

Jan Olav Å. Møller i Aurland kommune seier at det kan ta tid i og med at det er mange næringsinteresser som er inbefatta i planen. Han ser uansett for seg ei løysing der det er plass til alle.

Vil satse på born og unge

At oppbygginga av senteret vil ta tid er noko Hansen ikkje bekymrar seg for. Byggeprosessen er nemleg ein del av formidlinga.

– I beste fall er turistar, arkeologistudentar og andre besøkjande med på å bygge vikingsenteret i lag med ekspertar på tømring frå blant anna Voss og Flom, seier Hansen.

Han vil og understreke at dette skal vere eit senter der born og familiar er i sentrum.

Dette er ei storsatsing på born utan sidestykke i turistsamanheng i Noreg, seier Hansen entusiastisk.