Likevel er ein hovudatraksjon for mange av dei oppmøtte er naturlegvis å lære og sloss som ein viking. Med torshammaren i halsgropa og sverdet heva perfeksjonerast kampteknikken av ein gjeng ivrige menn og kvinner.
Nyfrelst viking
Vibeke Breivik får opplæring i å bruke sverdet.
Foto: Kamilla Mygland Storaker/NRKVibeke Breivik frå Bergen er nyfrelst viking og står i sverdringen for første gong.
– Eg kom fordi eg ville vere med på sverdtreningskurs. Her kan eg både lære noko, ha det gøy og leve enkelt. Vi får oppleve korleis det var å leve i vikingtida
Reist 80 mil for å vere med
Arrangementet varer i fem dagar og famnar om alt frå bankfolk til gamle hippiar. Men slett ikkje alle er komne for å sloss.
Billy Sagelid frå Sverige (til venstre) har laga mat til resten av gjengen.
Foto: Kamilla Mygland Storaker/NRKBakom nokre skinntelt står Billy Sagelid med ein saftig kylling på ei jebnplate over eit sjølvlaga bål. Han skal lage middag til leiren sin på 13 personar og har køyrt 80 mil for å vere med på vikingmarknaden.
– Eg prøver å leve slik heime der eg er mykje ut i skogen. Å vere her å treffe likesinna er veldig bra.
Trivst ikkje i det moderne
Billy har kombinert vikinglivet med å vere lærarvikar i tre år. Han fortel at han aldri har funne seg heilt til rette i det moderne samfunnet.
– Eg har aldri trivst med det moderne, så dette er perfekt. Eg har alltid likt det enkle.
Vikingmarknaden starta opp for åtte år sidan og hamna i Gudvangen først og fremst på grunn av det vakre landskapet.
Skal byggje ekte vikingby
Bakmannen for det heile er ein langhåra og skjeggete mann ved namn Georg Olafr Reydarson Hansen. Han fortel at tilstellinga no skal takast eit steg vidare, og at det skal byggast ein ekte vikingby i Gudvangen som vil stå klar i 2013.
Vikinghøvding Georg Olafr Reydarson Hansen.
Foto: Kamilla Mygland Storaker/NRKHansen er glad for å ha kome så langt og opplever at samfunnet rundt han har respekt for den levande vikingkulturen han representerer.
– Det er moro å sjå visjonane bli oppfylte. Det er moro å halde ein slik seriøs profil at vi blir trudde.
– Kjekkare å slåss enn å sy kjolar
Tilbake på sverdplassen står ei smilande Vikbeke Breivik. Ho har nett fått høyre av Europas fremste blankvåpeinstruktør, at ho er den som plukkar opp teknikken fortast. No forbereder ho seg på å bli ekte vikingkjempe.
– Eg er på ingen måte klar som vikingkrigar, eg treng mykje øving. Men det er kjekkare å slåss enn å sy kjolar og vaske opp i elva.