Hopp til innhold

Støtta Ulvatn i mobbesaka - no er han vald til ny leiar

Bjørn Kormeseth, som støtta Magne Ulvatn i mobbesaka i Fellesforbundet, er vald til ny leiar.

Bjørn Kormeseth

NY LEIAR: Bjørn Kormeseth er valt til ny leiar i Fellesforbundet.

Foto: Bård Siem / NRK

Kormeseth, som vart valt med 20 mot 18 røyster på årsmøtet i helga, er omstridd. Mellom andre avtroppande leiar Kjell Olav Slotterøy har ikkje noko sans for at Kormeseth vart vald.

– Eg har allereie fått mange reaksjonar frå medlemsmassen på valet av Kormeseth. Det at han støtta Magne Ulvatn så sterkt i mobbesaka som gjekk for retten, gjer at han ikkje burde vore leiar. Eg fryktar utmeldingar, seier Slotterøy.

Deltok i konflikt

Kormeseth var i ei årrekkje den næraste medarbeidaren til Magne Ulvatn, som var den tidlegare valde leiaren i Fellesforbundet avdeling 19 i fylket.

I ein arbeidskonflikt som hamna i Fjordane Tingrett med organisasjonsarbeidaren Jarle Kirketeig i 2012, kom det fram at Ulvatn hadde drive langvarig trakassering av Kirketeig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slotterøy og Kormeseth

FRYKTAR UTMELDINGAR: Avtroppande leiar Kjell Olav Slotterøy har ikkje noko sans for at Bjørn Kormeseth vart vald.

Foto: Bård Siem / NRK

Kirketeig fortvilt

Retten gav også Kirketeig medhald i at han var usakleg oppsagd. Kormeseth vitna til fordel for Ulvatn i arbeidskonflikten.

Partane inngjekk seinare eit forlik som gjorde at dommen ikkje vart rettskraftig. Kirketeig er fortvilt over at Kormeseth vart vald til leiar.

– Kormeseth støtta Ulvatn i tjukt og tynt under rettssaka. Det kjennest som eit slag i andletet at han no er vald til leiar. Det som har skjedd er uforståeleg, seier Kirketeig.

Vil ikkje ta Ulvatn inn i varmen igjen

Kormeseth trur ikkje det vil skape splid i medlemsmassen at han no er den nye leiaren.

– Nei, rettssaka har vi lagt bak oss og eg ser no berre framover, seier han.

– Vil Ulvatn igjen få ei rolle i Fellesforbundet i fylket etter at du no er leiar?

– Nei, det vil han ikkje. Eg har ingen planar for noko slikt.

Kormeseth vart vald etter eit benkeforslag med 20 mot 18 røyster. Han håpar han har den nødvendige tilliten i medlemsmassen.

– Eg håper det. Fleirtalet var ikkje stort, men eg vart vald, seier Kormeseth.

Gler seg over å vere leiar

Jarle Kirketeig

MOBBA: Jarle Kirketeig fekk medhald i retten i at han var usakleg oppsagd.

Foto: Jarle Kirketeig / NRK

– Du måtte forstå du var omstridd. Kvifor ville du ta på deg leiarvervet?

– Eg gler meg over å halde på med denne type arbeid. Difor ville eg bli leiar.

–Du vart valt etter eit benkeframlegg. Var det nærast eit kupp på årsmøtet?

–Nei, ikkje slik eg ser det. Det var etter ønskje frå medlemmene, seier Kormeseth som no har fått mobbesaka i forbundet på avstand.

– Er det noko du angrar på i den samanheng?

– Eg ser framover og ønskjer ikkje kommentere det som har skjedd, seier Kormeseth.

Store utgifter

Forliket mellom Fellesforbundet avdeling 19 i fylket og Jarle Kirketeig innebar mellom anna at Ulvatn måtte trekke seg som leiar.

Samtidig måtte Kirketeig slutte som organisasjonssekretær. Kirketeig vart tilkjent om lag ein million kroner i erstatning.

Rettssaka, advokatutgiftene og andre utgifter i samband med mobbesaka har kosta Fellesforbundet i fylket mellom to og tre millionar kroner.