Hopp til innhold

Omringa sentrum på mopedjakt

Politiet omringa Førde sentrum, på jakt etter trimma mopedar i går kveld. Fleire førarar måtte ut med gebyr etter storkontrollen.

Politibil
Foto: Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / Scanpix

Politibetjent Svein Rød seier aksjonen vart retta mot mopedkøyrarar, etter fleire tips om trimma mopedar.

Stengt av

Førde sentrum vart stengt av i aksjonen som var eit samarbeid mellom det lokale politiet, utrykkingspolitiet og Statens Vegvesen. Fire mopedar vart avskilta, derav tre meldt til politiet.

- Vi har fått fleire tips om at det er ein del uvøren køyring av mopedar, og då gjerne i stor hastigheit til tider. Det er eit teikn på at dei er trimma, og det var dei vi først og fremst skulle prøve å plukke litt i igår, seier Rød.

- Jungeltelegrafen plar gå ganske fort, så etter ei stund avvikla vi mopedkontrollen.

136 i 80-sona

Seinare flytta politiet seg ut på vegen mellom Førde og Naustdal, for å gjennomføre ein fartskontroll i 80-sona. Der vart ein teken, og meld til politiet for å ha køyrd 136 kilometer i timen.

Her vart det òg skreve ut eit forenkla førelegg, og sju bilar vart avskilta, mellom anna for ikkje å ha betalt vegavgifta.

Også beltekontroll

Politiet heldt òg ein beltekontroll i Angedalsvegen i går kveld. I løpet av to knappe timar vart det skreve ut 18 gebyr på grunn av manglande bilbeltebruk.

- Det tykte eg var litt mykje. Då er det ein del som har litt dårlege rutiner for bruk av bilbelte, avsluttar Rød.