Hopp til innhold

Sakna turgåar funnen omkommen

Ein omkomen mann er henta ned frå ei fjellside i Balestrand. Politiet bekreftar at det er den sakna turgåaren.

Redningshelikopter i Balestrand

BALESTRAND: Det vart gjort ein observasjon frå dette redningshelikopteret i tretida i dag.

Foto: NRK-tipsar

Litt over klokka 19.00 vart ein omkomen person henta ned frå fjellet i Balestrand. Politiet bekreftar at dette er turgåaren som har vore sakna etter at han ikkje kom heim frå ein fjelltur sundag.

Vi ser på dette som ei ulukke. Han har truleg falt utfor fjellet, seier innsatsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Det var eit redningshelikopter som i tretida i dag gjorde ein observasjon av ein livlaus mann i fjellsida. Klatrarar frå den alpine redningsgruppa i Sogndal vart flydd inn i område, for å ta seg ned til mannen som låg i svært bratt terreng. Det vart stadfesta at mannen var omkomen.

Den omkomne mannen var ikkje busett i Balestrand. Politiet opplyser måndag kveld at han var busett i ein annan kommune i Sogn, men vil ikkje gå ut med meir informasjon.

Dei pårørande til mannen i 40-åra er varsla.

Esefjorden med Vindreken i Balestrand

TURMÅL: Vindreken består av to toppar, Austre (1.259 moh.) og Vestre (1.279 moh.). Fjellet er eit populært turmål.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kom ikkje heim frå fjelltur

Mannen i 40-åra vart meldt sakna etter at han ikkje kom tilbake frå ein fjelltur til Vindreken søndag kveld.

Mannen la ut på tur søndag føremiddag, og skulle etter planen vere nede att på ettermiddagen. Mannen vart meldt sakna av familie og kollegaer måndag morgon.

Eit redningshelikopter, politiet, hundepatrulje frå Bergen og frivillige frå Røde Kors har delteke i søket i dag.

– Vi sende ut eige mannskap som fann bilen parkert i området. Ut frå det har vi starta ein redningsaksjon, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Vindreken

SKILTA: Vindreken inst i Esefjorden består av to fjelltoppar på 1.259 og 1.279 meter.

Foto: NRK-tipsar
Vindreken