Rolf Breisnes i Årdal SV er fortørna over saksutgreiinga, og gir saksutgreiinga strykkarakter. Han krev at Hovudutval for opplæring skal ta saka opp på nytt.
Det var på onsdag i førre veke at Hovudutvalet for opplæring vedtok å redusera allmennfagsklassar i Årdal frå to til ein. Berre SV røysta i mot. Rolf Breisnes viser til at det er 41 elevar som har allmennfag i Årdal på fyrsteplass på søknadslista si. SV-politikaren meiner at dette er nok til å oppretthalda to klassar.
Press
Eitt av argumenta for å halvera talet på allmennklassar, var å sikra at det vart nok elevar på kjemi- og prosesslinja. Ei studieretning som er den einaste i fylket. Breisnes tykkjer det er uheldig at elevane no vert pressa over til denne linja.
Fylkesdirektøren for utdanning, Hans Peder Vibe, vil ikkje kommentera kritikken frå Årdal SV, men seier at han har lagt fram dei reelle tala for fylkespolitikarane.
Dette er altså ikkje Rolf Breisnes samd i. Han krev no at Hovudutval for opplæring tek saka opp på nytt.
Avviser kravet
Utvalsleiar Knut M. Olsen frå Senterpartiet avviser kravet frå SV. Han meiner at sakshandsaminga har vore grundig. Olsen seier dette berre er snakk om politiske prioriteringar, og at alle fekk kome fram med meininga si i møtet der nedleggingane vart bestemt.