Hopp til innhold

Omfattande problem med mobilnettet

Det har vore til dels omfattande problem med mobilnettet i Nordfjord natt til tysdag og i morgontimane. Tysdag føremiddag slit framleis mange med dekninga, spesielt i Sogn.

Ingen dekning

NYE PROBLEM: Telenor har igjen problem med mobilnettet. Denne gongen er også delar av fastnettet råka, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

– Eg fekk melding av Telenor i natt. Det er eit dels omfattande utfall, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Både Vågsøy, Selje, Bremanger, Stryn, Eid, og Gloppen har folk vore utan mobildekning i natt og morgontimane.

I Bremanger, Stryn og Eid var også breibandkundar berørt, og i to kommunar var fastnettet også råka.

Har funne feil

Telenor opplyste tysdag føremiddag at problemet med ein kabel i Måløy var løyst. I 14-tida opplyser dei også at fiberbrotet mellom Vossestrand og Holbygdi i Voss var lokalisert.

Fiberbrotet har ført store problem for mobilkundar i Gloppen, Aurland og Jølster opplever framleis problem med tenestene på grunn av fiberbrot. Også netcomkundar i Lærdal, Aurland og Årdal er råka av feilen.

Fleire feil

Det var fleire feil som tysdag morgon råka mobilkundar i Sogn og Fjordane og nabofylket Hordaland.

– Eit fiberbrot på Voss skaper redusert mobiltrafikk i Gloppen, Aurland og Jølster i augneblinken. Det er redusert kapasitet, men alle stasjonane er ikkje ute, seier Per Meling i Telenor.

Her er ei liste over feila som står att klokka 08.30:

  • 41 av 543 fasttelefonikundar i Aurland manglar summetone.
  • Fem av 14 basestasjonar i Gloppen er ute.
  • Fem av ni basestasjonar i Jølster er ute.
  • Fem av 18 basestasjonar i Aurland er ute.
  • På Voss er 12 av 38 basestasjonar ute, 409 breibandkundar manglar nett og 289 telefonikundar manglar summetone.
  • Ein av elleve stasjonar er ute på Osterøy.

Telenor kan ikkje svare på kva tid feilen på Voss er retta.

– Det er vanskeleg å seie kor lang tid dette vil ta. I løpet av dagen vil det truleg vere oppe att, men det avheng av kor vanskeleg arbeidet er, seier Meling.

– Som følge av Telenor sine omfattande problem med fast- og mobilnettet i Nordfjord i dag 4. november, har vi dessverre ikkje operativt sentralbord ved Gloppen heradshus. Det melder Gloppen kommune på sine heimesider. Enn så lenge er det difor ikkje råd å no gjennom til oss, og vi beklagar dette, skriv kommunen.

Også NetCom har problem

NetCom slit også med å gje kundane mobildekning tysdag føremiddag. Dei deler nemleg kablar med Telenor, ved at nokre av Telenor sine kablar også går inn til NetCom sine basestasjonar.

– På grunn av kabelbrotet til Telenor er det problem med dekninga vår i Lærdal, Aurland og delar av Årdal. Vi har fått beskjed om at feilen skal vere retta innan klokka 12, og vi beklagar det på det sterkaste til alle våre kundar, seier informasjonssjef i NetCom, Severin Roald.

Han kan ikkje talfeste kor mange kundar som har problem.

– Det er vanskeleg å talfeste, fordi basestasjonane er dels overlappande, og gir overlappande dekning i desse områda, seier Roald.

– Alvorleg

– Det som skjer er at folk ikkje får ringt ut, seier beredskapssjef Stensvand.

Han meiner situasjonen er alvorleg.

– Det er viktig at publikum veit om dette. Ein del alarmsystem er knytt til telenettet. I gitte tilfelle kan det ha veldig alvorlege konsekvensar, sjukdom og ulukke ein ikkje får meldt ut om, seier han.

Dette er andre gong på kort tid Telenor har problem.

– Vi veit det har vore eit problem i natt.. Men det har ikkje vore nokre situasjonar der vi har hatt behov for å kontakte våre mannskap i den regionen, seier operasjonsleiar hjå politiet, Trond Hatlenes.

Får ikkje kontakt med brannalarmar

– Vi har merka problemet, seier Oddbjørn Aune hjå Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Han fortel at dette kunne ha fått alvorlege konsekvensar.

– Dersom ein brannalarm går på ein bygning som berre har GSM-sendar vil ikkje den gå ut slik at vi høyrer den. Enkelte kundar har vi ikkje fått kontakt med for å informere om dette, seier Aune.

Dei har ikkje hatt nokre alvorlege hendingar i natt, men likar dårleg situasjonen.

– Det er kjedeleg. Vi har hatt ein dialog med Telenor i heile natt om ei løysing. Det vart sagt at dette skulle vere løyst til klokka 06, men det er problem endå, seier han.

Helse Førde: Folk burde få vite om slikt

Heller ikkje Helse Førde har hatt krisesituasjonar der mobilproblema har skapt problem i natt.

– Men det er klart at når det er utfall av både mobilnettet og internett, så gjer det at vi må skjerpe oss i beredskapen. Vi hadde dialog med andre naudetatar for å førebu oss på om noko skulle skje, seier Jan Petter Sæbø, beredskapssjef i Helseføretaket.

Helse Førde har eige sambandsnett, og kontakt med eigne folk gjennom det.

– Det er folk det har stor konsekvens for. Mange brukar det som einaste kommunikasjonsverktøy. Det har sjølvsagt konsekvensar . Vi har vorte veldig avhengige av mobilnettet, og den måten å kommunisere på, seier Sæbø.

Difor meiner han at folk burde få informasjon om slike brot før dei skjer.

– Eg er ikkje kjent med korleis slike brot er varsla på førehand. Det er viktig at folk er kjente med dette, slik at dei også kan ta førehandsreglar. Vi får beskjed, men alle folk burde få beskjed, seier Sæbø.

Kabel blåste ned

Årsaka til at folk mangla mobildekning i natt og morgontimane er ein kabel som blåste ned på Måløy laurdag kveld. Telenor bestemte seg for å rette feilen i natt, men skadane var større enn venta.

– Dei var så store at me måtte kappe kabelen, og skøyte på nytt. Det fekk store konsekvensar. Rundt 5000 kundar var utan breiband, og veldig, veldig sterkt redusert på mobil. Fasttelefonen fungerte stort sett. Eit par av kommunane var råka.

– Så dette var planlagde utfall?

– I utgangspunktet var det planlagt. Men me var ikkje klare over at skadane var såpass store i natt. Det var planlagt ferdig klokka 05, og klokka 07 var det oppe att, seier Meling.

– Har de informert godt nok om at de kom til å gjere denne reparasjonen?

– Det må eg sjekke nærmare opp. Eg kjenner ikkje til kva som er informert om i forkant, seier informasjonssjefen.

Telenortrøbbel

ARKIVFOTO: Dette biletet er teke førre veke, då Telenor også hadde problem.