Hopp til innhold

Mobilnettet nede i over to timar - feilen er fiksa

Folk sleit torsdag kveld med å kontakte politiet etter at mobilnettet til Telenor var nede over heile landet. Naudetatane i Sogn og Fjordane sleit med kommunikasjonen. Politiet oppmoda folk om å ta ut SIM-kortet for å komme i kontakt med dei.

Telenortrøbbel

MOBILTRØBBEL FOR TELENOR: Naudetatane slit med at folk ikkje får kontant med dei etter at mobilnettet til Telenor har trøbbel – igjen.

SISTE KL21.30: Feilen skal vere retta, opplyser Telenor.

Folk sleit torsdag kveld med å komme i kontakt med naudetatane etter at mobilnettet var nede frå klokka 19.20.

Politiet oppmoda om at folk som ikkje kom gjennom til 112 må ta ut simkortet før dei ringde, eller restarte mobilen utan å trykke PIN-koden. Då ville ein komme gjennom på sambandet. Politiet kan også overføre til 110 og 113.

Feilen vart lokalisert i 21.22-tida. Telenor opplyste at dei jobba med å få utbetra feilen.

Folk sleit med å kontakte politiet

Ved Politiets Operasjonssentral i Florø var det problem med at folk ikkje fekk kontakt med dei. Operasjonsleiar Nils Erik Eggen mislikte situasjonen.

– Ja vi har problem. Dette er foruroligande. Vi veit at folk ikkje har komme i kontakt med oss. Ikkje noko alvorleg. Men det skal ikkje vere slik.

Ein kollega testa korleis dei kunne ring inn utan SIM-kort og vedkommande skal ha komme i kontakt med politiet, men ikkje slik det skal gjerast.

– Nei, han kom i kontakt med oss utan at det ringde. Så dette er slett ikkje bra.

Eggen oppmoda likevel alle som trengde å komme i kontakt med naudetatane om å ta ut SIM-kortet.

– Det er viktig. Vi kan formidle kontakt til dei andre naudetatane.

Sleit med å kontakte heimesjukepleia

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyste at dei ikkje fekk kontakt med Telenor for å få vite kvar problemet var og kva tid feilen ville bli retta. Espen Rysjedal som er operatør ved Alarmsentralen var uroa for situasjonen i heimesjukepleia.

– Vi slit med å komme i kontakt med heimesjukepleiarar. Der slit vi med å komme i kontakt med folk i Førde. No har vi avtale at dei skal ringe kvar halve time.

– Tryggheitsalarmane til folk analog linje verkar som dei skal. Men nye typar alarmar verkar ikkje. Men det er ikkje så mange som har den typen alarmar.

– Men dersom det skulle oppstå ein nødssituasjon vil vi få kontakt med dei som har fasttelefonar eller via alarmar.

Trøbbel for Helse Førde

Terje Ulvedal i Helse Førde sa at dei på dåverande tidspunkt ikkje hadde hatt nokon kritisk situasjon, men at dei var på alerten.

– Vi ber om at folk som treng akutt hjelp ringer frå fasttelefon eller ein telefon med eit anna abonnement.

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen stadfesta til NRK at Telenor hadde problem med mobilnettet.

– Eg kan stadfeste at vi har problem med mobilnettet. Feilen råkar først og fremst kontakt mellom mobilar i Telenor-nettet, eller dei som prøver å ringe dei. Omfanget av feilen er ukjent.

Ifølgje Amundsen oppstod problemet i 19.20-tida, og han viser til Facebooksidene til Telenor for informasjon.