NRK Meny
Normal

Olsson har full tillit i Sogndal

Styret i Sogndal Fotball stiller seg bak trenar Jonas Olsson trass i den tyngste perioden på 23 år i klubben.

Jonas Olsson

HAR TILLIT: Sogndal-trenar Jonas Olsson har tillit hos Sogndal-styret sjølv om disiplane hans berre har teke åtte av 48 moglege poeng på dei siste 16 kampane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Laget har slite i motbakke siste tida, og berre kapra åtte poeng på dei 16 siste seriekampane.

Søndag fall Sogndal for første gang denne sesongen ned på nedrykksplass etter 1-2-tapet for Fredrikstad.

– Det sportslege apparatet i klubben jobbar godt, og vi har stor tru på at dei skal snu dette i dei åtte siste kampane, seier styreleiar i klubben, Tor Arne Ness, til Sogn Avis.

Tøffaste sidan 1989

Tor Arne Ness

TILLIT: Tor Arne Ness seier styret i Sogndal Fotball har tillit til trenar Jonas Olsson.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Med berre sigeren over Stabæk sidan EM-pausen, er Sogndal inne i sin dårlegaste periode sidan 1989. Då var fasiten åtte poeng etter dei 16 første kampane. Sogndal enda til slutt nest sist, og måtte ta steget med berre 18 poeng på 22 kampar..

NRK sin Sogndal-kjennar sa måndag at trenarteamet i klubben går ein utfordrande og tøff haust i møte.

– Sidan EM-pausen har Sogndal vore eit lag utan den strukturen som vi såg i starten. Då var det eit lag der det meste fungerte, og strukturen var klar. Vi spelte direkte og god fotball. Etter sommarpausen har eigentleg mykje halta, sa han.

– Sogndal har erfaring med å liggje der dei ligg, men det som uroar mest er den langvarige negative perioden. Vi scorar lite og slepp inn for lette mål, sa Navarsete.

– Har gjort mykje bra

Til avisa seier Ness at den svenske trenaren har full tillit i styret, og seier at eit eventuelt nedrykk ikkje vil få følgjer for Jonas Olsson sin posisjon i klubben.

Sogndal er eitt av fem lag som kjempar for å unngå nedrykk.

– Ein må hugse på at dei har gjort mykje bra i årets sesong, der dei har teke positive grep på område som treningskvardag, kosthald, rutinar, samarbeid med vidaregåande skule og utvikling i eigne rekkjer. Det vil gje langsiktige resultat, seier Ness til Sogn Avis.

– Eg er rett mann

Trur framleis han er rett mann for å berge laget frå nedrykk.

– Ja, eg meiner eg er rett mann for det, seier han til NRK.no.

Kontrastane mellom Sogndal og søndagens motstandar på Fosshaugane kunne ikkje vore større. Då kjem eit Tromsø-lag proppfulle av sjølvtillit til saftbygda. Trenar Per Mathias Høgmo sine disiplar står med fire strake sigrar etter måndagens 5-1-siger over Lillestrøm.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser