Hopp til innhold

Økokrim kontakta om Tall Ships-tal

Leiar i Vågsøy Raudt, Geir Oldeide, fryktar at rekneskapen etter Tall Ships Races er pynta på.

Geir Oldeide

Partiet Raudt i Vågsøy, med leiar Geir Oldeide, har vore i kontakt med økokrim om det dei meiner er alvorlege feil i økonomirapporten etter Tall Ships Races.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Vi i Raudt har vore i kontakt med Økokrim. Er det slik at det blir pynta på for å skjule ting, så blir det så graverande at kanskje andre enn berre oss politikarar må inn i biletet, seier Oldeide.

- Naturleg å ha løna der

Oldeide reagerer på at lønnsutgiftene til prosjektleiar Helge Hjelle ikkje er ein del av Tall Ships Races-rekneskapen.

- Etter mitt syn er det naturleg at prosjektleiaren si løn høyrer heime som del av rekneskapen. Det er den redelege måten. Noko anna kan eg ikkje forstå er fornuftig, seier han og undrar seg over om endringane er gjort for å "pynte" på tala etter Tall Ships Races-arrangementet, for å redusere spriket frå budsjett til rekneskap.

- Gjort for å pynte på

I tillegg skal budsjettet for Captains Dinner på Selja vore endra på med 100 000 kroner fleire månadar etter at arrangementet var over.

- Eg får ei kjensle av at dette er gjort for å pynte på. Det gjeld også Captains Dinner. Opprinneleg var det på 400 000 kroner. I den førebelse rekneskapen på 600 000 kroner. No er det oppe i 774 000 kroner. Det er ein gigantisk sprekk på nesten det dobbelte, seier han.

- Kan ikkje endre på tala

Oldeide kontakta rådmannen, og hevdar han då fekk stadfesta at fleire tal var endra på i etterkant. Raudt-leiaren er ikkje nøgd med svara han fekk og meiner det heile er graverande.

- Vi kan ikkje endre tal i etterkant. Då har vi ikkje minste moglegheit til å oppsummere dette på vetig vis, seier han og meiner det handlar om å få skikkeleg innsyn i kva som gjekk gale.

- Ingen løyndom

Rådmann Ørjan Raknes Forthun seier at lønnskostnadane til prosjektleiar Hjelle er budsjettert på teknisk servicekontor, der han er tenesteleiar og leiar for brannvern. Hjelle skal i følgje rådmannen ha brukt hovudsakleg fritida på arbeidet med Tall Ships Races. Ekstrakostnadar som til dømes reiser er ført i Tall Ships-races tala.

- Uansett er det val som er gjort, og val som var gjort då prosjektet starta opp og budsjettet vart vedteke av politikarane. Det har ikkje vore noko løyndom at det har vore budsjettert slik, seier han.

- Innanfor ramma

Raknes Forthun avviser også kritikken kritikken som går på endring av tala for Captains Dinner. Han seier arrangementet hadde tre middagar med ei total ramme på ein million kroner. I budsjettet er dei innanfor denne ramma.

- Budsjettet er ikkje vedteke i politisk organ. Ramma låg fast heile vegen. Crew Party er redusert frå 400 000 til 300 000, medan Captains dinner er justert tilsvarande andre vegen, seier han.

Spelar med opne kort

Oldeide meiner tala er vanskelege å orientere seg i, og etterlyser meir detaljert rekneskap.

Rådmannen avviser at dei prøver å halde noko skjult, men at dei prøver å spele med så opne kort og forklare kva som gjorde at Tall Ships Races havarerte som det gjorde - med eit underskot på nær 15 millionar kroner .