Gjennom fiskeriverksemda OK Fish Kvalheim fekk han urettvist utbetalt 293 millionar kroner i momskompensasjon frå den norske staten.
Jarle Kvalheim
OK Fish var ei av dei raskast veksande fiskeriverksemdene i Norge på 90-talet. Bak verksemda stod Jarle Kvalheim, ein mann som vart sett på som ein suksessrik og samfunnsengasjert næringslivsmann. I 2000 var det rekna med ein omsetnad på 820 millionar kroner og eit overskot på 55 millionar kroner i selskapet.
Men konkurrentane såg med stigande undring på OK Fish Kvalheim. For selskapet kjøpte fisken dyrare enn andre og selde han billegare, samstundes som overskotet vaks. Hausten 2000 bad dei styresmaktene sjå nærare på verksemda. Og det synte seg at suksessen i realiteten var tufta på rein svindel.
Dagleg leiar Jarle Kvalheim vart arrestert, og i desember kom den endelege tiltalen som omfatta momsbedrageri og økonomisk utruskap for ufattelege 333 millionar kroner.
Aktoratet vil forsøke å prove at Kvalheim har svindla for 333 millionar kroner. Foto Randi Indrebø © NRK
Det Kvalheim hadde gjort var å kjøpe fisk frå Nord-Norge og selje den til utlandet. Gjennom dette fekk han refundert meirverdiavgifta frå staten. Men i realiteten hadde Kvalheim aldri betalt meirverdiavgift, og gjennom dobbel dokumentføring kunne han stikke utbetalingane frå fylkeskattekontoret i Sogn og Fjordane rett i kassa på eige selskap.
I tillegg til dette er han tiltalt for å snike unna 22 millionar kroner gjennom sal av to oppdrettskonsesjonar. Økokrim meiner også at han har teke ut nær 13 millionar kroner i utbytte frå OK Fish, sjølv om selskapet ikkje hadde økonomi til dette. Vidare har han overført fem millionar kroner til andre selskap han eigde, utan at det var noka form for gjenyting.
Blir Kvalheim dømd, risikerer han opp til ni års fengsel for det som er tidenes største momsbedragerisak i Norge.