Hopp til innhold

Vil ofre flyplass for å få ferjefri E39 gjennom Eid og Gloppen

Stortingspolitikar Sveinung Rotevatn (V) er villig til å ofre flyplassar for å få bru mellom Anda og Lote. Slike premissar for debatten vil ikkje Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) gå med på.

Sveinung Rotevatn

VIL KUTTE: Sveinung Rotevatn føreslår å endre flyplasstrukturen for å få E39 gjennom Gloppen og Eid.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Det er Bergens Tidende som i dag skriv at Sandane lufthamn i Gloppen kan ryke med i ein hestehandel for å få ferjefri fjordkryssing mellom Eid og Gloppen kommunar.

– Det er feil ende å starte, med å diskutere kva som skal leggast ned om vegen kjem, seier ordføraren i Gloppen til NRK.no.

Stadfestar innspel

Den framtidige E39-traseen gjennom Nordfjord, med ferjefri fjordkryssing, har vore ei heit potet dei siste åra. Den nye regjeringa har varsla at ei avgjerd vil komme i mars, altså innan få veker.

Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) stadfestar overfor Bergens Tidende at flyplasstruktur har vore spelt inn i diskusjonane om kvar traseen skal gå.

– Dersom vi får bru, er vi viljuge til å snakke om strukturendring på flyplass, skule og sjukehus, seier Venstre sin stortingspolitikar frå Eid, Sveinung Rotevatn, til avisa.

– Ikkje behov for begge

Anders Ryssdal

ORDFØRAR: Anders Ryssdal (Sp):

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet har lokalt gått inn for ei indre line. Som ifølgje BT er mellom fire og seks miliardar kroner rimelegare. Det inkluderer også vei i Stigedalen og bro over Voldafjorden.

– Får vi den brua vil det berre vere tre kvarters køyretid mellom flyplassane i Sandane og Ørsta. Då vil det ikkje vere behov for dei begge, seier Rotevatn til avisa.

Overfor NRK.no presiserer Rotevatn at han meiner ei bru vil gjere det naturleg å vurdere flyplasstruktur, og at han ikkje har noko meining om kva flyplass som eventuelt skal leggjast ned.

– Det er noko ein må ta stilling til når den tid kjem, seier han til NRK.no.

Kan komme endringar

Ola Tarjei Kroken, Gloppen Ap

FEIL PREMISS: Ola Tarjei Kroken (Ap) er varaordførar i Gloppen.

Foto: NRK

Både Ryssdal og varaordførar Ola Tarjei Kroken (Ap) meiner det er feil å leggje ein slik premiss for debatten.

– Eg meiner ein møter seg sjølv i døra, når ein for ei veke sidan snakka om fleire statlege arbeidsplassar til fylket, og så no vil leggje ned flyplassen, seier Kroken til NRK.no.

Han ser at ei flyplassnedlegging kan komme som følgje av ferjefri fjordkryssing. Men han vil ikkje leggje det som ein premiss for debatten om kvar E39 skal gå.

– No blir premissen for debatten lagt på førehand. Betre infrastruktur fører til endringar i alle strukturar, men då vil dei skje naturleg som ein del av samfunnsendringane. Det vi treng er ein god veg gjennom fylket, held Kroken fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 bru Nordfjorden

FERJEFRI: Slik kan brua over Nordfjorden bli.

Vil ikkje ofre

Ordførar Ryssdal er samd.

– Kommunestyret har sagt ja til å sjå på ein større regionskommune, og har sagt at med bru nordover så vil ikkje forholda i 2025 bli som no, seier han.

– Men er du viljug å gå med på å ofre flyplassen for å få E39 og ferjefri fjordkryssing?

– Nei.

– Marknaden må avgjere

Ordføraren ser likevel at ein av flyplassane Ørsta/Volda og Sandane lufthamn Anda kan bli lagd ned på sikt.

Sistnemnde vart i 2010 rusta opp for 120 millionar kroner.

– Vi har også sagt at marknaden får avgjere om det er bruk for flyplassane. På Sandane har vi per no 40.000 reisande og vekst i trafikken, noko som gjer det til ein rimeleg stor regional flyplass, seier Ryssdal og meiner debatten om kva som eventuelt skal leggjast ned må takast når vegen ligg klar og ein ser effekten av den.