Hopp til innhold

Skulle redde livsverket - tok sjølv fyr

Odd Helmer Handeland blei vitne til at livsverket hans gjekk opp i røyk. I kampen mot flammane tok han sjølv fyr.

Eit rikhaldig arkiv gjekk tapt i husbrannen i Skjolden

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå korleis det var då Odd Helmar Handeland kom tilbake til huset etter brannen.

– Det var som om alt rasa. Har eg ikkje lenger slekt- og stadforskninga mi, veit eg nesten ikkje kva eg skal leve for, tenkte eg.

Då huset hans i Skjolden i Luster tok til å brenne i mars, sprang 69-åringen inn igjen i det overtente huset for å forsøke å redde 30 år med slektsforsking og lokalhistorie. Då tok flammane tak i Odd Helmer.

– Det tok fyr i håret mitt og i kjeledressen eg hadde på meg.

Etter fleire forsøk, var slaget tapt. Vitne på staden fekk sløkt flammane på kroppen til Helmeland. Kraftig forbrent, blei han vitne til at lidenskapen gjekk opp i røyk.

Tredjegrads forbrenning

Dei livsfarlege flammane gav 69-åringen tredjegrads forbrenning. Luftambulansen frakta han til sjukehus.

– Der låg eg i over seks veker med brannskadar. Først etter tre veker kunne eg sove greitt om natta.

Brann

MÅTTE VERE SEKS VEKER PÅ SJUKEHUS: Hardt skadd etter brannen frakta luftambulansen han til sjukehus. Der var Handeland i seks veker.

Foto: OLE ANDRÈ REKKEDAL / NRK

Skadane gjer at Handeland må trene seg opp att for å komme tilbake til kvardagen. Livet fekk han i gåve.

– Alt i alt har eg vore heldig. Eg er lever, men det er trist at arbeidet er vekk.

Tilbake på tomta for å leite etter 30 års arbeid

Han har forska på slekt i over 30 år, og som pensjonist skulle han endeleg fylle dagane med forsking, lokalhistorie og skriving.

– Det er mange år med nøye arbeid. Slekt- og stadforsking er viktig for dei som lev no, og for dei som kjem etter oss.

NRK er med då Handeland reiser tilbake til branntomta i Luster. Der er det berre ruinar att.

– Det var verre enn eg frykta. Ingenting er intakt, seier han.

Håpet var å finne ringpermar, og anna som kan reddast.

– Berre eg finn noko, så kan eg byrje på nytt.

Brann

TILBAKE I HUSET: I brannruinane leita Odd Helmer Handeland etter intakt arbeid.

Foto: OLE ANDRÈ REKKEDAL / NRK

– Eg kan ikkje berre la alt vere att i ein oskehaug

Det er lite å hente etter brannen. Nokre bilete og gamle artiklar frå tida som journalist ligg att etter eit langt liv. Likevel er det lyspunkt.

– Fleire har ringt og sagt at dei vil hjelpe til med forskinga mi, så har eg jo framleis hovudet mitt. Eg kan ikkje berre la alt vere att i ein oskehaug. Håpet er at vi kan hente noko ut av ei datamaskin som er fysisk uskadd, seier Handeland.

– Kva gjer ein når ein har mista eit livs arbeid?

– Eg er sliten, og det blir nok tungt arbeid. Men eg skal halde fram med arbeidet, avsluttar han.

Brann

NOKO ATT I OSKEHAUGEN: Gamle artiklar var noko av det Handeland kunne finne att i oskehaugen.

Foto: OLE ANDRÈ REKKEDAL / NRK