NRK Meny
Normal

Berga mann ut frå brennande hus

Ein mann i 70-åra vart torsdag ettermiddag frakta til sjukehus med luftambulanse etter ein husbrann i Luster. Ved Haukeland universitetssjukehus opplyser dei torsdag kveld at mannen har fått lettare skadar.

Brann i hust i Luster

KRAFTIGE FLAMMAR: Huset i Skjolden i Luster stod ikkje til å redde for brannmannskapa. Foto: Arne Stubhaug Redigering: Ole Andre Rekkedal

– Huset stod i full, men mannen som var i huset klarte å kome seg ut på eiga hand, fortel NRK-reporter Stine Kyrkjebø Johansen, som var ein av dei første som kom til staden.

Alarmsentralen i Florø stadfestar at det var éin mann i huset då brannen tok fatt. Brannmannskap frå Luster har no kome fram til staden og har starta sløkking.

– Vitne fortel at mannen var ute då det begynte å brenne, men skal ha prøvd å komme seg inn i huset. Han har no kome seg ut igjen og får helsehjelp på staden, men blir frakta til sjukehus i luftambulanse, opplyser NRK sin reporter.

– Mannen som var i huset har fått brannskadar og er send til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, seier skadestadsleiar Sondre Teigen Lillebostad.

–Veit de noko om brannårsaka?

– Det kan vi ikkje seie noko om enno.

Brann på Skjolden

IKKJE SPREIINGSFARE: Bustadhuset ligg eit godt stykke frå andre hus i området.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Huset ligg like ved riksveg 55 og vegen har vore stengd. Politiet vil no forsøke å dirigere trafikken forbi brannstaden.

– Huset er å rekne som totalskadd seier Espen Rysjedal, som er vakthavande ved Alarmsentralen i Florø til NRK, klokka 16. 30.

Han seier alt brannmannskap frå Sogndal og Luster er på staden og at det no vert drive ettersløkking ut over kvelden og natta.

Brann i Luster

TOTALSKADD: Brannmannskap kjem til å drive ettersløkking ut over kvelden og natta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast