Hopp til innhold

OBS-varsel for høg vasstand i dag

Liten storm, høgt vatn, hagl og torevêr. I dag er det nok ruskevêr for alle som vil ha.

Storm

Mellom klokka 12 og klokka 13 i dag kan havnivået vere ein halv meter høgare enn vanleg. I tillegg blir det mykje vind og regn.

Foto: Mari Rollag Evensen/NRK

Det vil bli både sterk vind og vått i dag, og akkurat no er det OBS-varsel for høg vasstand.

Frå i ettermiddag kjem vasstanden til å vere mellom 30 og 50 centimeter høgare enn normalt. Mellom klokka 12 og 13 kjem det til å vere høgst i dag.

Her kan du sjå tabellar for havnivå og tidvatn.

– Det blir ein sterk kuling frå sør i dag og ein forbigåande liten storm i ettermiddag, seier meteorolog Martin Granderud.

Og det kan bli eit frykteleg ruskevêr seinare i dag. Spesielt i ytre strok av Sognefjorden, der det kan komme haglbyer og torebyer i ettermiddag.

– No er det litt spreidd regn, men det kjem til å auke i intensitet utover dagen, seier meteorologen.

Frå i ettermiddag kjem det til å bli kaldare. Utover i veka vil temperaturane vil falle og snøgrensene kjem til å krype nedover. Utpå dagen i morgon kan det komme til å snø litt i indre strok.

Del ruskevêret med oss

Har du bilete av ruskevêr, så vil vi gjerne sjå dei. Del dei med oss på ein av desse måtane:

  • Instagram: merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med i biletkartet vårt.
  • SMS: Send bilete via melding med kodeord SF og send til 1987
  • Facebook: Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • E-post: Bruk e-post sf@nrk.no
Laster innhold, vennligst vent..