Hopp til innhold

Opna for fri ferdsel på Hardangervidda

Skal køyre bil i fjellet i dag, gjer du lurt i å køyre med ein gong. Elles er det ikkje sikkert at du kjem fram i dag.

Dyranut på Riksveg 7 Hardangervidda

HARDANGERVIDDA: Slik såg det ut på riksveg 7 ved Dyranut søndag ettermiddag.

Foto: Webkamera, Statens vegvesen

Det varsla uvêret har nådd både kysten og fjellet på Vestlandet. Brøytemannskapa på fjellovergangane fortel at det har byrja å blåse opp igjen og at det snøar tettare.

– Dei som har tenkt seg over fjellet i dag må kome seg over så fort som mogeleg. Elles er det ikkje sikkert dei kjem seg over i dag. Vêret skal verte verre, så det vert nok kolonnekøyring eller stengingar utover dagen, seier trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen i Bergen til NRK i 12-tida søndag.

Fri ferdsel på Hardangervidda

Ved 17-tida søndag ettermiddag vart det opna for fri ferdsel på riksveg 7 over Hardangervidda,

Klokka 19.30 søndag kveld opna også fylksveg 50 mellom Aurland og Hol for fri ferdsel.

Med unnatak av riksveg 13 over Vikafjellet, som er stengt på grunn av rasfare, er dei andre fjellovergangane no opne. På Vikafjellet blir det ny vurdering måndag klokka 09.00.

Her kan du finne oppdaterte vegmeldingar.

Vanskelege køyreforhold

Det har vore ein fuktig og vindfull start på 2020 i deler av Noreg. Seinast på fredag var alle fjellovergangane mellom aust- og vestlandet stengde på grunn av uvêr.

Søndag føremiddag fryktar både Vegvesenet og meteorologane at dagen fort kan verte ein reprise av fredagen om meldingane slår til. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om kraftig snøfokk i fjellet i heile Sør-Noreg.

– Det kjem til å blåse stiv til sterk kuling og snøe mykje i fjellet i dag og natt til måndag. Det betyr at det vert vanskelege køyreforhold med dårleg sikt, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Måndag er det håp om at det kan verte litt betre, men Andersen kjem ikkje med lovnader som vindstille og solskin.

– Det vert rolegare i periodar, men vi er inne i ein periode med lågtrykk som pregar vêret med mykje vind og nedbør. Det roar seg nok ikkje med det første.

Filefjell

NULL SIKT: Slik såg det ut frå brøytebilen på Filefjell fredag.

Foto: Stig Arve Neshagen

Vegvesenet: – Ventar stengde vegar

Trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad ved Vegtrafikksentralen i Bergen sa til NRK laurdag ettermiddag følgjande:

– Vert vêret slik meldingane fortel i kveld, kan det fort verte stengde vegar. I alle fall kolonnekøyring, seier han.

Englaugstad vil ikkje spekulere i kvar det kan vere lurast å køyre om du skal over fjellet mellom aust- og vestlandet i morgon.

– Det er vanskeleg å seie. Men Filefjell vert mest truleg ope. Det er jo ein ganske sikker veg, men dette er uråd å seie sikkert i kveld, seier han.

Store nedbørsmengder

Men meteorologane har ikkje slått seg til ro med berre varsel om snøfokk. For Hordaland og Sogn og Fjordane har dei også sendt ut gult farevarsel om mykje regn søndag Lokalt kan det kome 70–100 millimeter på 24 timar.

Søndag morgon kan nedbøren likevel kome som snø heilt ned i 100 til 300 meters høgde, spesielt i Hordaland. Utover dagen vil snøgrensa i hele fylket trekke seg oppover til 700 –1000 meters høgde.

– Det er vanskeleg å seie kvar det vil kome mest nedbør, men det er vel ikkje unaturleg å seie at det kanskje vert i den nordlege delen, fortel statsmeteorolog Kristen Gislefoss laurdag ettermiddag.

Kristen Gislefoss

ÅTVARAR: Statsmeteorolog Kristen Gislefoss åtvarar mot dårlege køyreforhold på fjellovergangane.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

Stor snøskredfare

Samstundes har NVE også sendt ut gult farevarsel om jordskredfare på Vestlandet og i Trøndelag.

Og når det gjeld snøskredfaren er den stor heilt frå Hardanger til til Vest-Finnmark.

– Det er dei vestlege regionane i sør som får det største trykket med sterk vind og mykje nedbør, spesielt søndag. Då stig også temperaturen og gir plussgrader høgt til fjells, skriv vaktleiar i Snøskredvarslinga, Ingrid Skrede, på varsom.no.