Over 300 nye hytter, nytt skitrekk og nye løypetraséar kan bli realisert i området i nær framtid.
Samarbeider om planane
Sogn Avis skriv at eit samrøystes forvaltningsutval i Sogndal vedtok å leggje reguleringsplan for Hodlekve–Stedjekammen ut på høyring.
Grunneigarar og Hodlekve skisenter samarbeider om planane for vidareutvikling av Hodlekve. Føremålet er å leggje til rette for nytt skitrekk, auka hyttebygging, nye vegar, ny løypetrasé og friluftsområde.
Positiv utviklig
Ein av dei som står bak prosjektet, Gunnar Solbakken, seier det er mange som ynskjer å bruke området.
-Vi ser at det har vore ei positiv utvikling i Hodlekve-området. Det er etterspurnad etter hytter, og vi treng også eit nytt skitrekk, seier han til NRK Sogn og Fjordane.
Totalt skal det regulerast om lag 3400 dekar til dette føremålet.