Det fortel Jim Midtun, som bur ved Årdalsvatnet og har utsikt bort til det rasutsette området. Han opplever stadig vekk at stein losnar frå fjellsida over riksvegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, no sist skjedde det på laurdag.
Naustbukttunnelen. Arkivfoto Kjell Arvid Stølen NRK
Bil treft av stein
Vegstrekninga har den siste månaden hatt fleire alvorlege hendingar etter store ras. Mest skremmande var det den 6. april då ein personbil blei treft av ein stein ved Naustbukttunnelen. Sjåføren, som greidde å rygge bilen inn igjen i tunnelen, blei ikkje skadd.
Redd for alvorlegare ulukker
Jim Midtun fryktar at dei hyppige steinspranga i området skal føre til meir alvorlege ulukker.