I dommen legg Indre Sogn Tingrett vekt på at overfallet har endra livet til Julius Leirmo dramatisk. I februar i år overfall 43-åringen Leirmo, banka han opp og rana han for rundt 30.000 kroner.
På grunnlag av blodspor på kleda til den dømde, meiner retten at tiltalte var heime hos Leirmo og det vart funne pengar heime hos tiltalte.
Fysisk og psykisk redusert
Tidlegare greidde Leirmo seg sjølv, køyrde bil og var mykje ute blant folk. Dette er det no heilt slutt på. Leirmo er sterkt fysisk og psykisk redusert og klarer ikkje å bu åleine lenger.
Etter hendinga der han trygla om å ikkje bli drepen, men vart slått medvitslaus, er han plaga av angst. Retten legg vekt på at det er øvd grov vald mot ein eldre forsvarslaus person i hans eigen heim.
Tidlegare dømd
I skjerpande retning legg retten vekt på at den tidlegare flyktningen frå Bosnia tidlegare er dømd for lekamsskading og trugsmål.
Samla sett meiner retten at ransaka er så grov at den lett kunne ha fått ein dødeleg utgang.