Hopp til innhold

Nyrstar med store tap i 2014

Fallande inntekter gjorde at Nyrstar Høyanger, tidlegare Eras metall, tapte 26 millionar kroner i fjor.

Eras Metall i Høyanger.

TAPTE PENGAR: Nyrstar Høyanger. Arkivfoto.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nyrstar sysselset 30 menneske i Høyanger, og er ein del av det belgiske Nyrstar Group som driv gruver og smelteverk over heile verda.

Trass i store tap dei siste åra fryktar ikkje Høyanger-ordførar Petter Sortland for arbeidsplassane.

– Det er alltid hyggelegare med gode resultat enn med dårlege.

Svarar ikkje på spørsmål frå media

Etter det fyrste året som ny eigar av tidlegare Eras metall tapte Nyrstar Høyanger 26 millionar kroner. Det belgiske konsernet kjøpte gjenvinningsanlegget med 30 tilsette i desember 2013.

Kvifor det gjekk som det gjekk er det vanskeleg å få svar på, Nyrstar skriv i ein epost til NRK at dei har som policy å ikkje uttale seg på direkte spørsmål frå media.

Petter Sortland

HAR TRUA: Ordførar Petter Sortland (Ap).

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Store investeringar

Men Ap-ordførar Petter Sortland kjenner til verksemda, og han trur tapa kjem av store ombyggingar ved anlegget.

– Dei har brukt over 50 millionar kroner på å totalombygge fabrikken sin i Høyanger.

– Komne for å bli

Investeringane i ei bygd som har streva i motbakke dei siste åra, gjer at Sortland har tru på at Nyrstar er komne for å bli.

– Nyrstar seier at dei skal vere pilotar innan plasmateknologi. Enn så lenge tolkar eg det positivt sidan dei er viljuge til å investere i forsking og utvikling.

Nyrstar har ifylgje eiga heimeside seks smelteverk kring om i verda som leverer sink og bly, anlegget i Høyanger skal nyttast til resirkulering av biprodukt frå sinkindustrien og sinkhaldige batteri.

Sortland trur dette vil vere varige arbeidsplassar.

– Eg er trygg på at både morselskapet i Belgia og satellitten i Høyanger gjer alt dei kan for at dette skal vere ei lønsam investering, for det er det som er grobotnen for alt, at dei får att pengane sine.