I årevis har Eras Metal i Høyanger sleppt ut arsen og krom utan å ha løyve til det. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) påpeikte allereie i 2011 at Eras ikkje hadde løyve til utslepp av dei to stoffa, skriv Firda i dag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Søknaden om løyve til utslepp av krom og arsen fekk vi først i 2013, seier Ingvild Marthinsen, seksjonsleiar for kjemisk og metallurgisk industri i det nyoppretta Miljødirektoratet, til Firda.
– Heilt uakseptabelt
Arve Varden i Høyanger kommune meiner det er heilt uakseptabelt dersom Eras har sleppt ut potensielt giftige metall utan løyve.
- LES OGSÅ:
– Vårt syn i denne saka er enkelt og greitt at dette er heilt uakseptabelt dersom dette stemmer, seier Varden til NRK.
Naboane har vore plaga
Varden fortel at det har vore mykje lukt i nærleikane av fabrikken i Høyanger i vår.
– Det har vore eit så stort problem at det er mange som ikkje har klart å vere ute på altanane sine i sommar, fortel Varden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dette har Eras beklaga, og sagt at den dårlege lukta skuldast eit råstoff som dei har kjøpt inn.
Varden fortel at Høyanger kommune har kopla på kommuneoverlegen og han har hatt dialog med Eras på dette. Tilbakemeldinga har vore at dette ikkje er farleg, men vi forstår sjølvsagt at det er ei belastning for dei i nærmiljøet, seier Varden
Hevdar dei har sitt på det reine
Dagleg leiar ved Eras Metal, Sven Ove Råsberg, hevdar at dei har sitt på det reine og ikkje begått nokon lovbrot.
- Utslepp av krom og arsen har det ikkje vore sett grense/krav for i gjeldande konsesjon, så vi meiner at vi har vårt på det tørre, seier dagleg leiar ved Eras Metal, Sven Ove Råsberg til Firda.
Vidare seier han at dei har sendt målingar til Klif, og at all dokumentasjon er send til dei som skal ha den.
– Sjukdom gjorde at saka var liggjande
Også overfor NRK.no understrekar Råsberg at dei ikkje har hatt ulovlege utslepp.
– Nei, det er ikkje korrekt. Det har aldri vore regulert i eit løyve. Men vi har sendt inn målingar kvart år til styresmaktene, og det har aldri vore noko krav på at dette skulle regulerast i løyvet, seier han.
- I 2011 påpeikte Klima- og forureiningsdirektoratet at Eras skulle søkje om løyve til utslepp. Den søknaden kom først no i vår. Kvifor tok det så lang tid?
– Eg har ikkje sett den påpeikinga frå 2011. Eg var i eit møte med Klif i fjor, og då vart denne saka teke opp att. Ifølgje dei hadde denne saka då blitt liggjande som følgje av sjukdom hjå dei.
– Då fekk eg ei oppmoding om å sende inn ny søknad, og det har vi no gjort, seier Råsberg.
Svekka tillit frå kommunen
Med to saker mellom kommunen og Eras Metal på kort tid seier Varden at han ikkje er heilt trygg på forholdet mellom kommunen og Eras.
– Eg må innrømme at vi i kommunen må stille oss spørsmål ved korleis Eras Metal driv verksemda si, seier Varden.