Hopp til innhold

Nykomling berga Sogndal frå tap

(SOGNDAL- HAMKAM: 2-2) Like før slutt redda den 20 år gamle andrelagsspelaren Ken Joar Føyen Sogndal frå sitt andre strake treningskamp-tap.

Ken Joar Føyen berga Sogndal frå eit småflaut heimetap mot Ham-Kam

UTLIKNING: Ei sein utlikning berga Sogndal frå sitt andre strake 2-1-tap.

Foto: Christian Blom

– Det var bra for oss. Resultatet er viktig, det er det, sa ein letta Sogndal-trenar Jonas Olsson etter å ha berga uavgjort heilt på slutten av kampen mot 1. divisjonslaget HamKam.

For mellom Mahatma Otoo sitt tidlegare leiarmål og Føyen si utlikning på slutten var det fint lite å juble for fredag kveld i Sognahallen. Motstandar HamKam frå 1. divisjon dominerte banespelet i lange periodar, og Sogndal-spelarane verka tunge og upresise.

Låg lågt med vilje

Utlikninga til HamKam kom etter at Emil Sildnes fekk fritt leide gjennom Sogndal si midtbane og forsvar etter 37 minutt. Målet kom etter ein lang periode med press frå gjestene, rett nok utan at dei produserte særleg med sjansar. For heimelaget låg svært lågt i bana, noko trenar Jonas Olsson seier var dei gjorde med vilje, sjølv om kveldens motstandar burde vera overkomeleg.

– Vi førebur oss på det som skal komma. Slik er fotballen i dag. Sjølv topplaga i Europa ligg lågt, kontrar og legg seg lågt igjen.

– Men det gjorde ikkje HamKam. Dei pressa høgt heile tida.

– Det gjorde dei. Og så fekk vi to baklengsmål mot oss også, seier Olsson.

Tunge Sogndal-spelarar

Treningskamp Sogndal - Ham-Kam.

LÅG UNDERHALDNINGSVERDI: Sogndal sprudla ikkje i treningskampen mot HamKam.

Foto: Christian Blom

For etter lange periodar med HamKam-press også i andreomgang, gjekk gjestene opp i leiinga ved Daniel Bekkevold. Dermed tyda det meste på at Sogndal ville gå på sitt andre strake tap i treningskampar mot lag frå divisjonane under dei. Sist fredag vart det 1–2 heime mot Førde.

– Prestasjonen vår er bra i periodar og i andre periodar manglar me ork, men det er det naturlege grunnar til. Det er mange som er tunge av mykje trening og det er mange som er ute. I denne perioden må vi ligge på grensa. Mange toler det og då blir dei godt trent også, seier Olsson.

Redning frå uventa hald

Redninga dukka opp frå heller uventa hald. 20 år gamle Ken Joar Føyen melde nyleg overgang til Sogndal 2 frå Sotra, fekk nokre minuttar mot slutten og krona dei med ei klinisk avslutning under HamKam-keeperen.

– Det er slike kvalitetar han har. Han har vore bra for Sogndal 2 og gjorde jobbe for oss i dag. Det kan godt hende vi får sjå meir til han ut over. Vi er ikkje i den posisjon at vi kan sjå oss om etter spelarar utan å vurdere dei vi alt har først, seier Olsson.

Mest student

Dagens helt er eigentleg student ved Høgskulen i Sogndal, og melde eigentleg overgang for å trappe litt ned.

– Eg spelte for Stord i fjor, men sidan me rykka opp til 2. divisjon vil det krevje for mykje i forhold til studiane. Så får vi sjå korleis det går her, gliste den glade 20-åringen i det han gjekk av bana.

Sogndal var også prega av dei manglar ei rekke sentrale spelarar. Rune Bolseth, Hannu Patronen, Kristoffer Nesse Stephensen og Taijo Teniste er alle skada og vil ikkje spele kampar før lenger ut i sesongoppkøyringa.

Ken Joar Føyen

DAGENS MANN: 20 år gamle Ken Joar Føyen berga dagen for Sogndal.

Foto: Christian Blom