Hopp til innhold

Nye søk utan resultat

Tysdag ettermiddag starta søket med undervasskamera i Årdalsvatnet etter den sakna Charlotte Moene.

Søk med undervasskamera i Årdalsvatnet.
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Men då søket vart avslutta tysdag kveld hadde ikkje søket gjeve noko resultat. Heller ikkje søket i elva Fardøla som vart avslutta natt til tysdag gav resultat.

Leiting med undervasskamera i Årdalsvatnet.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tysdag var vassmengdene for store til at dykkarane kunne halde fram søket.

Botnsøk i Årdalsvatnet

Tysdag ettermiddag vart det leita med det avanserte undervasskameraet på botnen av Årdalsvatnet og ved utløpet av Fardøla.

Grøttebø opplyser at søket vil halde fram til klokka 20. Då vil dei ta ein pause til onsdag morgon.

Fredag vart det funne klesplagg i elva som politiet meiner tilhøyrer Moene. Desse er no sende til undersøking, men førebels har ikkje politiet fått endeleg stadfesta at det er snakk om kleda til 17-åringen.

Glatt og ulendt

Lensmann Kristen Olav Grøttebø
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Mange er opptekne av leiteaksjonen og har fylgt søket i Fardøla frå elvebreidda. Det er mykje vatn i elva og no åtvarar lensmanne Kristen Olav Grøttebø folk mot å gjera søk på eiga hand.

- Vi er sjølvsagt glade for at folk er engasjerte og vil hjelpe til, men terrenget er både glatt og ulendt, så folk må ikkje søkje på eigahand, åtvarar han.

Meir hjelp frå Kripos

Sidan fredag har politiet i Årdal fått hjelp av ein etterforskar frå Kripos. Onsdag kjem endå ein for å  hjelpe til med den taktiske etterforskinga, der koordinering av avhøyra vert ein viktig jobb.

Også tysdag heldt politiet fram med avhøyr av folk som hadde kontakt med Charlotte Moene rett før ho forsvann 9. juli.

- Eg vil ikkje kommentere kva som er sagt i avhøyra,, seier lensmannen.