Den nye forskrifta om fiske etter innlandsfisk i vassdraga i Sogn og Fjordane som har laks og sjøaure erstattar eit regelverk som vart oppheva alt for fire år sidan.
Det har vore gjennomført ei omfattande høyringsrunde. Og dei nye reglane er vedtekne frå månadsskiftet, men vert praktiserte fyrst når dei no vert kunngjorde.
Maskevidde og fisketidsrom
Føremålet er hovudsakleg regulering av fisket etter dei store anadrome fiskeslaga laks og sjøaure i dei vassdraga der dette er aktuelt.
Reglane gjeld stort sett maskevidder som skal regulere fisket etter stor fisk, og at fisketidsrommet er regulert etter fiskesesongen for laks og sjøaure, og ikkje etter sportsfiskesesongen som før.