Hopp til innhold

Nye målingar avslører djupna på Hornindalsvatnet

Forskarar brukar denne veka på å kartleggje Hornindalsvatnet, og dei har allereie gjort ei ny oppdaging.

Målingar på Hornindalsvatnet

MÅLINGAR: Håvard Midtkil gjorde nye djupnemålinga ved Hornindalsvatnet måndag.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det djupaste punktet vi har funne i våre kartleggingar er rundt 509,4 meter, seier Håvard Midtkil i selskapet GeoSubsea. Han er ein dei som køyrer rundt og gjer målingar i Hornindal denne veka.

Det er mellom Holmøya og Navelsaker at det djupaste punktet i Hornindalsvatnet ligg. Det var også her ein fann det djupaste punktet førre gong ein målte djupna, i 1931. Då kom ein fram til djupna 514 meter.

– Vi må ta litt atterhald om at vi ikkje veit korleis vasstanden var den gongen, men det kan sjå ut som det må korrigerast litt i ein del geografibøker, seier Midtkil.

Djupna på Hornindalsvatnet

SÅ DJUPT ER DET: 509,4 er det djupaste punktet ein har funne i Hornindalsvatnet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Framleis den djupaste i Europa

Han forklarer at dei ikkje sit på all informasjon før dei er tilbake i laben og har fått undersøkt funna frå undersøkingane nærare. Likevel trur han ikkje ein treng å ta ned skilta som varslar at Hornindalsvatnet er den djupaste i Europa.

– Det er framleis den djupaste innsjøen i Europa med god margin, så det gjer ikkje så mykje at det må korrigerast med nokre meter.

Den nest djupaste innsjøen i Europa er Salsvatnet i Nord-Trøndelag, der det er 482 meter ned til botn på det djupaste punktet.

Hornindalsvatnet

DJUPt: Hornindalsvatnet er djupt, det er det ingen tvil om, sjølv om det ikkje er like djupt som ein har trudd.

Foto: Silje Guddal / NRK

Skal kartleggje mange innsjøar

Kartlegginga av Hornindalsvatnet er del av eit større prosjekt der ein skal kartleggje nøyaktige detaljar i 87 innsjøar over heile landet.

Skilt som varslar djupna på Hornindalsvatnet

STOLT AV DJUPNA: Eit skilt langs vatnet varslar kor djupt Hornindalsvatner er. Kanskje må skiltet no rettast opp.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dette er ein del av eit overvakingsprogram som miljødirektoratet no gjer i alle dei djupaste innsjøane i Norge.

Å undersøke ein stor innsjø er eit omfattande arbeid, som stort sett går føre seg ved at ein køyrer båt på kryss og tvers over vatnet. Midtkil forklarer at dei kjem til å bruke heile veka på arbeidet.

– Vi starta på fredag som var, og kjem nok til å halde på ut denne veka i alle fall med kartlegginga vår. Så vi reknar om lag åtte dagar med effektiv køyring på vatnet.