Hopp til innhold

Nye eigarar startar opp steinbrot

Etter mykje strid er alt no klart for steinutvinning i Seljestokken i Flora kommune.

Torleif Seljestokken og Roland Kremers
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dette vil gje 15 nye arbeidsplassar. Eit nederlandsk og eit belgisk selskap skal drive steinbrotet, og frå Seljestokken skal stein skipast ut til Nederland og andre land.

Positivt for kommunen

Sandstein
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Steinbrotet har vore under planlegging i mange år, men no er alt klart for å starte utvinning. Næringssjef i Flora, Eivind Hjellum, seier dette er positivt for kommunen.

- Det er ikkje ei stor bedrift, men det er ei viktig bedrift. Flora kommune har ein del utkantsamfunn som vi legg vekt på å oppretthalde. Vi brukar store ressursar på mellom anna skular og båtruter. Difor er det viktig å skaffe arbeidsplassar til desse samfunna, seier han.

Omstridd prosjekt

Steinbrotet har vore eit omstridd prosjekt. Ein del grunneigarar tykkjer det er bra å få industri og næring nær seg, men mellom anna hytteeigarar i området og miljø- og naturinteresser har vore skeptiske på grunn av støy og støv.

Vikinggraver

Den største kampen kom kanskje frå Riksantikvaren, for steinbrotet ligg i eit område med gravrøyser frå vikingtida. I fjor gjekk likevel regjeringa ut og sa at det var greitt å starte opp steinbrotet, og eigarane lovar tiltak for å verne og behalde kulturminna.

Seljestokken
Foto: Torje Bjellaas / NRK
Seljestokken