Hopp til innhold

Ny WTO-frykt

Frykta er stor blant norske bønder framfor WTO-forhandlingane som står for døra.

Arkivfoto
Foto: NRK

Førre veke vart det lagt fram eit kompromissforslag som ville ført til 75 % kutt i tollsatsane på matvarer. Næringa åtvarar mot at sjølv kompromisset er dramatisk for landbruket.

 

Tollkutt på 75 %

Den unge bonden Roy André Bruvoll frå Stårheim ser på at anleggsmaskiner arbeider på garden han er i ferd med å overta. Men internasjonal storpolitikk gjer han bekymra.

For etter at WTO-forhandlingane om ein verdsomspennande frihandelsavtale stranda rett før jul, har det vore svært stilt. Men i førre veke kom formannen for landbruksforhandlingane på bana med eit nytt kompromissforslag, med blant anna tollkutt på 75 % på matvarer

- All grunn  til å vere på vakt

- Sjølv dette kompromissframlegget vil bety ei rasering av norsk landbruk, seier leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim. Han seier at bøndene har all grunn til å vere på vakt.

Leiar i Eid Bondelag, Kjell Åshamar, er også bekymra over WTO-forhandlingane som står for døra.

 

Eit nytt forslag er venta denne veka, før sjølve forhandlingane startar i Geneve i neste veke. Utanriksminister Jonas Gahr Støre og landbruksminister Terje Riis Johansen vil delta for Noreg.

Godt for norsk sjømat

Men problemet for Noreg er at forslaget som no ligg framme er svært godt for norsk sjømatnæring. Blant andre har forskar Arne Melchior ved Norsk Utanriskpolitisk Institutt rekna ut at med tollkutt på rundt 75 % vil det bety milliardinntekter for norsk sjømatindustri

Difor har den norske delegasjonen svært motstridande interesser å ta vare på. Men den unge bonden Roy André Bruvoll er iallfall ikkje i tvil om at det forslaget som ligg på bordet er katastrofe for norsk landbruk. Difor krev han at Støre og Riis Johansen kjempar for framtida for garden hans.