Ny via ferrata i Loen

I dag opnar den nye via ferrataen, Ragnarok, i Loen i Nordfjord. Den nye klatreruta er ikkje for kven som helst, skriv Fjordingen. Med vanskegrad F er ho rekna som ei av dei tøffaste via ferrata-rutene i Noreg. Ruta går vest for dagens via ferrata. Dei som tek gondolen opp vil lett sjå klatrarane på veg opp mot toppen. Offisiell opning skjer klokka 14. Biletet er frå ein testtur i fjor sommar.

Ragnarok-ruta, Loen
Foto: Torjus Loen