Hopp til innhold

Ny redningsaksjon på Ringstindane

Politiet melder om at det er sett i verk ein ny redningsaksjon på Ringstindane i Jotunheimen. Seinast i går vart ein person berga ned med helikopter etter å ha fått ei skulder ut av ledd. Ifølgje politiet skal nok ein person vere skadd med skuldra ut av ledd. Det blir gjort forsøk på å få frakta vedkommande ut med luftambulanse.