Hopp til innhold

Skredgruppa må hente ut skadd mann

Helikopteret kan ikkje ta seg ned til den skadde på Ringstind i Hurrungane på grunn av vind.

Rignstindane

Bergingsaksjonen har tatt tid for heilkopteret måtte gje seg i forsøket på å få heisa mannen ombord i helikopteret på grunn av turbulens. Mannen har fått skuldra ut av ledd og klarer ikkje å gå.

Klokka 1950 har vinden løya og mannen er frakta ned til ein bre, opplyser politiet. Dermed ser det likevel ut til at helikopteret kan få heisa mannen ombord og få frakta han til sjukehus.

Det var klokka 15.24 at Hovudredningssentralen for Sør-Norge fekk melding om at ein mann var skadd. Turfølgjet skal ha vore nær toppen av Ringstindane Ringstind i Hurrungane.

– Viss det er godt vêr kan vi hente han ut med helikopter, men dersom det tettar seg til att må han berast ned, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane, Bengt Næss.

I gode hender

Ettersom det er så usikkert vêr i området, er skredgruppa sett i beredskap.

– Vi har skramla skredgruppa for dersom helikopteret ikkje kan fly inn må mannen berast ut av området.

Mannen skal vere i gode hender, for i turfølgjet var ein lege.

– Så er mannen ein erfaren fjellmann så dei har godt med klede og mat med seg, seier Næss.