Hopp til innhold

Ny økonomisk smell

Helse Førde risikerer ein budsjettsprekk på 18 millionar kroner.

Arkivfoto

På styremøte komande fredag får styret presentert resultat på minus fire millionar etter første kvartal.

Etter fire månader ligg Helse Førde 4,1 millionar kroner under det budsjetterte.

Vikarløn og pasientreiser

Prognosen syner at budsjettsprekken i 2009 kan bli på 18 millionar kroner.

Dei auka kostnadene skuldast vikarløn, gjestepasientar og pasientreiser.

Frå før har Helse Førde fått løyve frå Helse Vest til å gå med eit underskot på 40 millionar kroner i 2009.

Kjempar om 12 millionar

Samstudes som den økonomiske situasjonen for Helse Førde spissar seg til, vekkjer framlegget til ny inntektsmodel sterke reaksjonar blant styremedlemer .

Magnussen-utvalet, som ser på inntektsmodellen til heile Helse Vest, har konkludert med at helse Førde må kutte 12 millionar kroner i året .