Hopp til innhold

Nektar å kutte meir

Styremedlem i Helse Førde meiner det er vil vere uforsvarleg å kutte ytterlegare 12 millionar i året ved sjukehusa.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Magnussen-utvalet som ser på innteksmodellen i Helse Vest har kome med eit forslag der Helse Førde får eit inntektskutt på 12 millionar kroner i året .

Får store konsekvensar

- Ein treng ikkje vere økonom for å forstå at dette får store konsekvensar, seier Kjell Nygård som er føretakstillitsvald og styremedlem i Helse Førde.

Frå før ligg Helse Førde godt over på minussida i budsjettet med heile 40 millionar kroner.

Nygård har ingenting til overs for framlegget om ytterlegare kutt.

- Viss dei meiner at vi har for mykje pengar, må dei seie kva tilbod vi skal gje til folk i Sogn og Fjordane. Her må utvalet sjå på kva utfordringar Helse Førde har, som struktur og geografi, seier Nygård.

Har gløymt geografi

Nygård får støtte frå hjå stortingsrepresentant Gunvald Ludgvisen i Venstre.

- 12 millionar kroner er mykje for Helse Førde. Det er heilt uakseptabelt, seier han.

Ludvigsen meiner utvalet ikkje har teke omsyn til strukturen i Helse Førde.

- Dei har undervurdert at Sogn og Fjordane er eit grisgrendt fylke. Vi kan ikkje kutte tolv millionar, seier han.

Styremedlem og viseadministrerande direktør i Helse Vest Helge Bryne seier han forstår at det er frustrasjon kring innsparingane.