Hopp til innhold

Ny nedtur for sjøfuglen

Lite mat gjer at måsen står over hekkinga.

Måkeegg klekkes
Foto: Jørn Nordli / NRK

Grasbakken på Nord-Hovden var den største gråmåsekolonien i Sør-Noreg så seint som i 2000, men no finst det ikkje eit einaste reir på grasbakkane.

Nedslåande resultat

Årets sjøfuglteljing i Sogn og Fjordane viser nemleg på ny nedslåande resultat.

Fylkesmannen og Statens Naturoppsyn har gjort teljingar i 48 av dei 57 sjøfuglreservata i Sogn og Fjordane, i tillegg til nokre våtmarksreservat og hekkeplassar utanfor dei verna områda

Det er særleg to av dei mest talrike sjøfuglane i fylket, gråmåse og svartbak, som har minka i tal på hekkeplassane.

Tobisfisket er stoppa

Sjøfuglbestanden har auka svakt nokre år.

Årsaka til at sjøfuglbestanden no minkar igjen er nedgang i tobis, som er hovudnæringa til sjøfuglen.

I 2007 vart det opna for tobisfiske i norsk økonomisk sone, og i år gjekk dette fisket for fullt igjen - samtidig som sjøfuglbestandane får nye problem.

2. juni vart tobisfisket stoppa.

Vi må tilbake til samanbrotet i sjøfuglbestandane rundt Nordsjøen i 2003/2004 for å finne like låge tal på vaksne fuglar i koloniane, står det på heimesida til fylkesmannen.