Hopp til innhold

Ny løyperekord under Molden Opp

Torstein Tengsareid frå Egersund sette ny løyperekord under årets Molden Opp. Noko både han og arrangørane trudde var umogleg.

Torstein Tengsareid

VINNAREN: Torstein Tengsareid var raskaste mann opp Molden.

Foto: Magne Bergset

– Eg trudde ikkje det gjekk, men så var det nokon som ropte at eg var nær. Så då gav eg det vesle ekstra og slo løyperekorden frå 2012 med sju sekund, fortel vinnar av Molden Opp Torstein Tengsareid frå Egersund IK.

Torstein Tengsareid Molden Opp 2014

BESTE TID: Torstein Tengsareid på veg mot beste tid.

Foto: John Inge Bukve

Med tida 46:00 slo han løyperekorden til Tomas Bereket frå 2012 på 46:07. Tengsareid var med også den gongen med tida 49:49.

– Eg såg han som tok løyperekorden den gong og trudde den ville stå i mange, mange år. Men eg hadde utruleg gode bein i dag, men blei likevel overraska over at eg klarte det.

Deltakarrekord

Molden Opp vart i år arrangert for femte gong og har sidan 2010 blitt eit årleg arrangement i Luster. I tillegg var dei i år også ein del av noregscupen for andre gong. Sist gong var i 2012.

– Dagen har vore veldig flott. Påmeldingane i både konkurranseklassen og trimklassen har vore gode, eg trur det er deltakarrekord i trimklassen, fortel løpsleiar John Ingar Bukve.

Beste dame under årets løp var Kirsten Marathon Melkevik frå Gular IL. Ho fekk nest beste dametid nokosinne på 56:22, så årets løypetider har vore ekstremt gode

(Artikkelen held fram under bilete)

Kirsten Marathon Melkevik

BESTE DAME: Kirsten Marathon Melkevik frå Gular IL vart beste dame.

Foto: Magne Bergset

Ei tøff løype

Molden Opp 2014

BRATT: Deltakarar på veg opp på Molden.

Foto: John Inge Bukve

Løypa startar ved fjorden i Marifjøra og går i stigning opp til Sviggum og vidare oppover. Det er eit parti med bratt stigning, men elles er det jamn stigning heile vegen. Molden strekker seg opp til 1116 meter som då er høgdeforskjellen og løypa er 7 kilometer lang.

– Eg blir nesten heilt matt når eg ser tidene. Det er ei tøff løype å springe på 46 minutt for å seie det slik. Vi trudde rekorden på 46:07 vart ståande i lang tid, så at vinnaren i dag slo den var gledeleg overraskande.

Årets vinnar fortel at det er ei sterk løype og at dagens vêr gav optimale løypeforhold.

– Vi blei fort ein tetduo som sprang fint og jamt oppover. Så fekk eg ei luke på han og eg såg at han blei lenger og lenger vekke, seier vinnaren.

Johan Bugge og Torstein Tengsareid

NR. 1 og 2: Johan Bugge (t.v.) frå Eidsvåg IL blei nummer to medan Torstein Tengsareid (t.h.) vart dagens vinnar.

Foto: Mange Bergset

Tengsareid trur at sjølv om han fekk ei sterk tid i år, kan han eller nokon andre klare å slå den ein gong.

– Dersom eg hadde hatt nokon som kunne dra på slutten i dag, skulle eg klart ei enda betre tid, seier han.

Molden Opp 2014

SPREKE: Mange hadde teke turen til Molden denne laurdagen.

Foto: John Inge Bukve

Ein folkefest

– Vi satsar på at arrangementet skal vere ein folkefest. Spesielt viktig er det å få opp ungar og ungdom i løypa, og at dei kosar seg i der, seier Bukve.

I og med at motbakkeløpet er ein del av Norgescupen kjem det også folk utanfrå regionen. Bukve fortel at dei fem beste i Norgescupen er på plass.

Løpsleiaren rosar arrangørstaben med dei mange frivillige som stiller opp på dugnad og lokale sponsorar som gjer at det heile går rundt.

Beste lokale løpar vart Geir Steig frå Luster IL med tida 51:48.

Molden Opp 2014

UT PÅ TUR: Tre karar med medalje rundt halsen etter årets Molden Opp.

Foto: John Inge Bukve