Hopp til innhold

Favorittane vann Molden Opp

Merete Helgheim og Ole Martin Storlien blei raskaste kvinne og mann i motbakkeløpet Molden Opp.

I eit strålande flott vêr med sol og god temperatur, stilte både unge og eldre til start i årets motbakkeløp i Luster.

Vinnarane blei dei to som på førehand var rekna mellom favorittane. Merete Helgheim frå Gloppen Idrettslag var beste av kvinnene med tida 01:02:53. Tida til Ole Martin Storlien frå Mjøsski var 54:29.

Løpsleiar John Ingar Bukve seier det ikkje blei sett nye rekordar i år. Dermed står rekordane frå fjoråret framleis med tidene 46:07 i herreklassen og 54:22 i kvinneklassen.

– Det blei ingen rekordar og dei beste tidene i år er eit stykke unna. Men vi tykkjer det er kjekt at så gode løparar har teke turen til oss når det går eit norgescup-løp ein annan stad, seier Bukve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Martin Storlien

VINNAREN: Ole Martin Storlien hadde best tid av alle dei 727 personane som deltok. Vinnartida i herreklassen blei 54:29.

Foto: John Ingar Bukve

Stigning på 1116 høgdemeter

Molden Opp er eit av mange motbakkeløp i Norge. Det vart for første gong arrangert i 2010 og har blitt eit årleg arrangement i Luster.

Løpet går frå Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden og like opp til Molden som ligg heile 1116 meter over havet. Løypa er på om lag sju kilometer. Den er variert både når det gjeld underlag og stigningsprosent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Molden Opp 2013

STARTEN: Heile 727 løparar og mosjonistar stilte til start i motbakkeløpet Molden Opp i Luster.

Foto: moldenopp.no

Blir ståande å måpe

I vanleg roleg tempo tek det om lag to og ein halv time å komme seg opp til toppen. Løpsleiaren er imponert over dei beste.

– Det er heilt utruleg å sjå kva fart dei klarer halde, vi blir mest ståande å måpe. Eg vil også seie at ein del mosjonistar har ganske bra tider oppover. Dei går med klokke og passar på tida.

Glad for at born og ungdom er med

I fjor var løpet eit av dei sju offisielle i Norgescupen i motbakkeløp. I år hadde dei ikkje den statusen, men Bukve håper dei er med i cupen neste år. Men sjølv utan norgescup-status, er han svært nøgd med dagen.

– Det er flott at folk stiller opp på løpet. Eg vil også skryte av arrangørstaben som gjer ein kjempejobb. Vi har bra med sponsorar og eg trur dei set pris på at vi prøver å appellere breitt.

For sjølv om dei ønskjer løparar i noregstoppen, er målet å få med flest mogleg av dei lokale.

Totalt stilte 727 personar til start i dag, av dei var 610 i mosjonsklassen. Bukve gler seg over at spesielt mange barn og ungdom var med.

– Luster turlag hadde laga natursti på veg på mot toppen. Det var noko som motiverte dei minste. Eg trur også at skulane har mobilisert bra for å få ungane med, seier han.