Hopp til innhold

«Folk oppfører seg som om det er hungerskatastrofe rundt neste sving»

Tidlegare NRK-programleiar Håkon Haugsbø frå Førde starta nyleg i ny jobb i Kirkens Nødhjelp. Når han no er heime på påskeferie ser han ting frå nye perspektiv.

Håkon Haugsbø

FEIRAR PÅSKA HEIME: Håkon Haugsbø tek pause frå humanitære kriser i verda og feirar påske med familien i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Den ferske kommunikasjonssjefen i Kirkens Nødhjelp kom nærast rett frå Sør-Sudan og heim til Førde på påskeferie.

Det å då sjå stressa folk kjempe om handlevognene onsdagen før påske set tankane i sving.

– Det er eigentleg meiningslaust, for folk oppfører seg som om det er hungerskatastrofe rundt neste sving. Men så oppdagar at eg også går i same fella. Vi er oss sjølv nærast, og vi har ekstrem tilgang på alt. Eg ønskjer ikkje å ta frå folk overfloda, men eg ønskjer å stimulere til at vi delar meir, seier Haugsbø.

– Dags med eit lite sporskifte

Dei siste åra har han jobba som programleiar i «Brennpunkt», og det er kanskje der han har blitt mest kjend. At han slutta på dagen kom difor som ei overrasking på mange.

Vi er oss sjølv nærast, og vi har ekstrem tilgang på alt

– Eg var i utgangspunktet ikkje på jakt etter verken den jobben eller ein annan, men når høvet kom så skjønte eg at det var dette eg skulle. Eg hadde jobba over halve livet mitt i NRK, og eg trur eigentleg eg har gjort alt eg hadde lyst til å gjere der. Men så følte eg at no er det dags med eit lite sporskifte, fortel Haugsbø.

Dette var ikkje første gong den opphavlege førdianaren tenkte i dei baner å skifte jobb. Ofte før har han slått slike tankar raskt frå seg, men denne gongen var det annleis. Framleis får han jobbe journalistisk.

– Hovudoppgåva mi er å gjere Kirkens Nødhjelp synleg i media og å setje fokus på dei sakene dei jobbar med, altså for det meste humanitære katastrofar. Det handlar om å både jobbe og tenkje journalistisk, fortel han.

Ser krisene på nært hald

Eg kan ikkje ta med meg verdas naud heim til foreldra mine eller i møte med barna mine eller kjærasten min

Og så langt trivst han svært godt.

– Det er faktisk mykje lettare enn eg trudde. Eg er ein ganske trent journalist og veit kva som skal til.

I jobben som programleiar i NRK fekk han sett og høyrt mykje, men no kanskje av ein heilt annan skala. Sidan han starta i stillinga i Kirkens Nødhjelp har han blant anna vore i Syria og Sør-Sudan og sett krisene på nært hald.

Mange sterke inntrykk

Der har han i større grad late seg imponere over mennesket sin evne til å overleve i slike situasjonar, enn å late det trykke han ned. Likevel er det ikkje alltid like lett å leggje det frå seg når han kjem heim.

– Eg legg det ikkje heilt vekk, men eg må leggje det til side. Eg kan ikkje ta med meg verdas naud heim til foreldra mine eller i møte med barna mine eller kjærasten min. Eg må jo fungere, seier Haugsbø.

– Sjefen sa til meg då eg begynte at i denne jobben må ein la ting gå innover seg, men ein kan ikkje la alt gå like tungt innover for då vert ein handlingslamma, og då fungerer det ikkje.

– Gir meir til naturkatastrofar

For meg er påske lik familie

Kirkens Nødhjelp har nyleg arrangert fasteaksjonen. Då fekk Haugsbø lære litt om kor rause nordmenn faktisk er eller ikkje er.

– Mange var rausare enn dei nokon gong har vore. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har pågått lenge, og mange plassar er det sett ny innsamlingsrekord. Denne gongen var det fokus på to store katastrofar, i Syria og Sør-Sudan, fortel han.

Men han registrerer at folk er flinkare til å hjelpe når det gjeld katastrofar av typen tyfonen på Filippinane enn i samband med borgarkrig og indre konfliktar elles.

– Eg har høyrt folk seie at det får dei ordne opp i sjølv. Det at vi denne gangen sette rekord tyder på at det finst gjevarglede blant folk, men at den kanskje må hjelpast litt på veg.

Feirar påske i Førde

Men i påska vert slike tankar lagt vekk så langt det er råd, for helgedagane skal nytast saman med familien i Førde. Skiturane Haugsbø er så glad i ser ut til å bli dårleg med, men elles reknar han med full påskepakke.

– Eg har med meg to elleville, gladgutar på 3 1/2 og 5 år. Dei sørgjer no i alle fall for sin versjon av påskebodskapen, og så har eg ein bror med familie frå Bergen som er på veg oppover. For meg er påske lik familie.