Hopp til innhold

Håkon Haugsbø sluttar på dagen

Programleiar Håkon Haugsbø (39) sluttar på dagen i NRK. No går vegen til Kirkens Nødhjelp der han skal jobbe som kommunikasjonssjef.

Håkon Haugsbø

SLUTTAR: Håkon Haugsbø sluttar i NRK og går over til Kirkens Nødhjelp der han skal vere kommunikasjonssjef.

Foto: Ole Kaland / NRK

Haugsbø, som opphavleg er frå Førde, har dei siste åra vore programleiar i «Brennpunkt», men no må NRK finne ny programleiar til det populære graveprogrammet like før programstart.

Men det at han sluttar på dagen er slett ikke så dramatisk som det kan høyrest ut seier han sjølv til NRK.no.

– Det er jo slik journalistikken fungerer, jo meir dramatisk overskrifta er, jo betre er det. Men så kan det jo vere som i mitt tilfelle, ei gladnyheit lenger nede i teksten.

– Og den gladnyheita er slik eg ser det at eg no har fått ein utruleg spennande og meiningsfull jobb som eg gler meg veldig til å starte i, seier Haugsbø.

Fekk ikkje permisjon

Haugsbø søkte permisjon frå jobben i NRK, men at han vart nekta dette fordi jobben han går over i er innan kommunikasjon.

Redaktør for «Brennpunkt», Odd Isungset, seier til VG.no at det er heilt udramatisk og i tråd med NRK sitt etiske regelverk at Haugsbø ikkje vart innvilga permisjon.

– Det ville heller ikkje vore riktig å innvilge eitt års permisjon frå ei såpass profilert stilling som det er å vere programleiar i «Brennpunkt» for å gå til ei anna så profilert stilling som kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, seier Isungset.

Redaktøren seier vidare til VG at Haugsbø har gjort ein god jobb, og at dei er lei seg for å miste han. Samtidig trur han ikkje det blir noko problem å finne ein erstattar.

Vil hjelpe dei som har det vanskelegast

Haugsbø har vore journalist i NRK i 21 år, og har jobba i NRK Brennpunkt sidan 2008. No gler han seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver i Kirkens Nødhjelp.

– Ved sidan av å vere programleiar i Brennpunkt er det den viktigaste jobben eg kan tenkje meg. Det arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer i over 30 land for fattige menneske, for dei som er forfølgde og for menneske som blir utnytta i den vestlege verda, det vil eg veldig gjerne vere med å jobbe for, seier Haugsbø til NRK.no.

– Min jobb blir å få fokus på dette, få dette fram i lyset og opp i debatten i Norge. Forhåpentlegvis kan ein då få gjort noko med desse misforholda, seier han vidare.

Meiner han har mykje å bidra med

Etter to tiår som journalist i NRK har han erfaringar på mange felt, og sjølv meiner Haugsbø at han har mykje å bidra med.

– Eg trur eg kan bidra med ein kunnskap om korleis både media og samfunnet fungerer. Og så trur eg at kan bidra med ei forståing for politikk, og ikkje minst eit engasjement for dei sakene som Kirkens Nødhjelp jobbar med.

– Eg trur eg har eit sett av eigenskapar og erfaring som gjer at eg meiner eg har noko bidra med, seier sunnfjordingen som snart nærmar seg 40 år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brennpunkt-redaksjonen, Odd Isungset og Håkon Haugsbø

GRAVEJOURNALISTIKK: Brennpunkt-redaksjonen, her ved Odd Isungset og Håkon Haugsbø, vann i vår Gullruten for beste nyheitssending eller aktualitetsprogram.

Foto: Jonas Sætre / NRK

– Tydeleg kontrast, men den same fyren

Han er klar på at den blir ein tydeleg kontrast mellom dei to jobbane, men trur framleis han vil halde på journalisten i seg.

– Det blir ein tydeleg kontrakts på den enkle måten at eg i mykje større grad blir ein viktig avsendar av ein bodskap. Men eg trur eg vil halde på integriteten min, og den sunne fornufta.

– Det blir endring i oppgåvene og til dels endring i tankemåte, men i mitt journalistiske hovud greier eg ikkje skru av sjølv om eg skiftar arbeidsgjevar. Så eg vil nok på mange måten vere den same fyren som reiser rundt i verda og prøver få fokus på det som skjer, seier han.

Mykje å ta fatt på

Ei av oppgåvene han vil ta fatt på først er det som skjer i Syria.

– Eg veit jo ein del om arbeidet som går føre seg der, og så er det ganske trasig å sjå at det er veldig lite fokus i media på den vanvitige krisa som er, ikkje berre i Syria, men også utanfor, med tanke på flyktningar, seier Haugsbø til NRK.no.

– Dette blir ei typisk oppgåve eg vil ta fatt på. Sørge fr at folk i Norge får vite om dette, og ikkje berre det triste og trasige, men også det positive som blir gjort, og vise at det nyttar engasjere seg.

– Ingen dramatikk

Han presiserer at det på ingen måte er knytt noko dramatikk til at han sluttar på dagen, og seier dette måtte bli slik.

– Eg er formelt tilsett i NRK ei stund til. Men det er rett og slett umogleg å halde fram som programleiar for eit program som Brennpunkt, samtidig som det er kjent at eg skal starte i ein anna jobb.

– Difor er eg samd med NRK om at eg grev litt i hagen, i staden for i Brennpunkt, fram til 1. november, og så startar eg jobben i Kirkens Nødhjelp. Det er ikkje noko dramatikk i dette. Alle er venner og vel forlikte, det er berre ein formalitet når ein har hatt ein så profilert jobb i eit slikt program, seier Haugsbø.

– Ikkje lei NRK

Etter 21 år i statskanalen går Haugsbø altså vidare. Han avviser at han er lei.

– Eg kan ikkje seie eg er lei, men eg har valt å slutte fordi eg ser at det no er andre moglegheiter som og er veldig spennande.

– Det er meir at eg erkjenner at ein skal gje seg medan leiken er god, slutte medan ein har det bra. Så eg kan ikkje seie eg er lei, seier han til NRK.no.

– Eg har hatt fantastiske år i NRK og i Brennpunkt, og eg har vore heldig å få gjere, som ein kollega av meg sa, dei feitaste jobbane i NRK. Eg føler eg har fått mange fine sjansar, og når eg no bikkar 40 år om ein liten månad, så tenkjer eg at det er eit bra tidspunkt å gjere eit lite sporskifte.

– Eg kjem til å sakne NRK og alle kollegaene, men så veit eg også at eg får eit utruleg fint miljø rundt med dit eg skal, avsluttar han.